Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Angstlidelser hos voksne - generalisert

Alle blir bekymra og engstelege frå tid til annan, og ein bekymringslaus tilstand er verken mogleg eller ønskeleg. For nokre tar likevel bekymringane overhand.

Dersom du bekymrer deg så mye at det begrenser deg i hverdagen, kan du ha en angstlidelse. Det finnes ulike typer behandlinger som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Angst blir ein sjukdom når du bekymrar deg så mykje at det forstyrrar livet ditt, og når du ikkje klarer å kontrollere bekymringane dine, sjølv om du prøver. Ofte står ikkje bekymringane i fornuftig samsvar med det du bekymrar deg over. Generalisert angstliding (GAD) er kjenneteikna av generell og vedvarande angst som ikkje er avgrensa til bestemte situasjonar eller omstende. Det betyr at angsten er «frittflytande».

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise. Vi vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Alle tilvisingar bør innehalde:      
        
  • Aktuell sjukehistorie
  • Relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
  • Kliniske funn
  • Resultat av relevante tilleggsundersøkingar
  • Oppdatert medikamentoversikt
     
(Ved bruk av malen «den gode tilvising», som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema, er punkta nemnt over, dekka)          

 
Spesifikt for angstlidelser hos voksne
 

 
  • Beskriving av den aktuelle sjukehistoria og forløp hittil: debut, årsaksforhold, symptom, aktuell behandling, forløp
  • Funksjonsbeskriving, arbeid, livskvalitet og par-/familiefungering, omsorg for barn
  • Rusproblematikk?
  • Suicidalitet?
  • Resultat av eventuelle testar (BAI/ BDI, MADRS)
     
Vurdering: tentativ diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose. 

Hugs         
 
  • Ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse må ein ha kontaktinformasjonen til føresette
  • Eventuelt tolkebehov
     
For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:  Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, Helsedirektoratet.         
 


    

Utredning

Din behandlar vil tidleg i forløpet legge vekt på å kartlegge korleis angsten påverkar deg, og korleis den har utvikla seg over tid. For å få innblikk i dette vil behandlaren vere opptatt av å få svar på
   
  • Korleis påverkar angsten funksjonen din i kvardagen?
  • Kor lenge har du vore plaga med angst? 
  • Er det spesielle hendingar som har utløyst angstplagene?
  • Har du andre samtidige psykiske plager?
  • Er angsten isolert til enkelte situasjonar eller objekt?
  • Korleis er livssituasjonen din elles?
  • Om du kjenner til andre i familien som har same type plager.
Ved utgreiingsfasen er det viktig med grundig kartlegging, og ei utgreiing vil derfor bestå av: 
  • Den personlege historia di.
  • Informasjon om sjukehistoria di (anamnese).
  • Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju.
  • Relevante skjema som du skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema).
  • Behandlaren din kan vurdere at det er aktuelt å innhente informasjon frå andre som kjenner deg godt, som kan beskrive kva dei kan ha lagt merke til, som du sjølv kanskje ikkje har festa deg ved. Det føreset at du samtykker til innhenting av slik informasjon.
Det er krav til utgreiing og diagnostisering innan 6 veker etter første oppmøte. Dei første konsultasjonane vil derfor bli brukt til utgreiing. Ved meir komplekse tilstandar blir utgreiingsfasen utvida til 12 veker.

Behandling

Målet med behandling er å lindre symptoma du er plaga med, og at du lettere kan handtere angsten din. Som pasient kan det vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og kva mål du har for behandlinga.

Ved generalisert angstliding er bekymring eit dominerande kjenneteikn, og behandlinga vil dermed vere retta mot å jobbe med korleis du forheld deg til bekymringar. Det er vanleg i behandlinga å jobbe for å auke toleranse for usikkerheit og utvikle problemløysingsferdigheiter.

   
Kognitiv terapi, medikamentell behandling og psykomotorisk fysioterapi er behandlingstilnærmingar som blir anbefalt ved generalisert angstliding (GAD).

Medikamentell behandling
Ulike medikament kan ha effekt ved generalisert angstliding. Det blir kombinert med psykoterapi. 




    

Oppfølging

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi. Målet med terapi er å bli betre på å meistre angsten, men det betyr nødvendigvis ikkje at alle bekymringar blir borte. Ofte er det slik at andre plager knytt til angsten (for eksempel hovudverk eller søvnvanskar) også blir betre etter behandling. 

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Kontakt Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT