Behandling
Psykomotorisk fysioterapi
Psykomotorisk fysioterapi (PMF) tek utgangspunkt i samanhengen mellom muskelspenningar og kjensler. Traumatiske hendingar, sjukdom eller langvarige belastningar påverkar kroppen.Introduksjon
Nokre opplevingar vi har hatt gjennom livet, set sine spor i kroppen. Traumatiske hendingar, sjukdom eller langvarige belastningar påverkar kroppen. Dette kan gi utslag i auka anspentheit og over tid kunne gi symptom som hovudverk, svimmelheit, smerter i muskulatur og kjensla av trettheit. Også plager i det autonome nervesystemet, til dømes mage/tarmproblem, kan bli påverka av auka spenningstilstand i kroppen.
Før
Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker og mål behandlinga.
Under
Du og fysioterapeuten prøver å finne ein felles målsetjing for behandlinga.
Metoden er ein "hjelp til sjølvhjelp" der det blir stilt krav til pasienten om å arbeide med seg sjølv. Dette krev tid, tolmod og at forholda ligg til rette, slik at det er mogleg å gjere nødvendige endringar.
Fysioterapeuten oppsummerer ein undersøking ut frå:
- Sjukdomshistorie
- Kroppshaldning, med fokus på bevegelighet og balanse
- Pusting
- Forskjellige funksjonsundersøkingar / bevegelsar
- Kroppsmedvit og kroppskontakt
Etter undersøkinga må fysioterapeuten vurdere om pasienten kan ha nytte av PMF, og er motivert for ein slik behandling.
Terapeutiske verkemiddel:
- Medvitgjering om kroppslige og følelsesmessige samanhengar
- Bevegelsar / øvingar tilpassa pasienten
- Massasje
- Samtale
- Bevegelsar i gruppe med vekt på ledigheit og frie bevegelsar
Etter
Når du avsluttar PMF-behandlinga, blir det tilrådd at du nyttar deg av dei verktøya og teknikkane du har lært for å handtere kroppslige plager betre i kvardagen, samtidig som du førebyggjer nye spenningar.