Du kan kontakta Voss DPS NKS Bjørkeli både via telefon, epost, eDialog, vanleg post og ved å komme her.
Dersom du har behov for akutthjelp, må du ta kontakt med fastlege eller legevakt (tlf 116 117).
Telefon
Sentralbordet er bemanna måndag - fredag kl 08:00-15:30.
Telefon: (+47) 56 51 40 00
Digital melding via eDialog
eDialog kan du bruka i dialog med Voss DPS dersom du har behov for å dele sensitiv informasjon med oss. Du loggar inn med BankID på mobil, som gjer dialog med oss sikker med tanke på ditt personvern.
Det er viktig at du ikkje nyttar tenesta til haste-/akuttsaker, då saksbehandlingstid førekjem.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m).
Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.
Slik fyller du ut skjemaet
Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).
Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".
Melding via helsenorge.no
Helserelaterte henvendingar som reseptbestilling, timebestilling/endring, spørsmål om behandling m.v, er lett å gjera gjennom innlogging på helsenorge.no.