Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon om sensitiv informasjon i epost

Voss DPS NKS Bjørkeli ber om at de aldri sender personsensitive opplysningar per epost.

Bruk av epost

​Om du sender epost som omhandlar deg sjølv eller pårørande vil desse opplysningane sannsynlegvis bli skanna inn i pasientens journal. 

Dersom du har opplysningar som er av sensitiv karakter ber me deg kontakta oss per telefon, 56 51 40 00. 

Me kan ikkje vidaresende eller svara på epost som inneheld sensitiv informasjon då dette er brot på personvernsikkerheita. 

Me oppmodar å ringe oss framfor å sende epost, telefonen vert besvart alle kvardagar mellom 08:00-15:30 og epost kun vert lest og besvart sporadisk. 

Kontakt oss via eDialog

Frå 08.11.2024 har Voss DPS NKS Bjørkeli, tatt i bruk eDialog. Det betyr at både verksemder og privatpersonar kan senda oss brev og dokument via ein sikker kanal. Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og trygg måte. 

Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysingar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog. 

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)​.

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.

Slik fyller du ut skjemaet​​

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
  • Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format​​​

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".​

 

Har du eller nokon du kjenner behov for akutt-hjelp?

Er du bekymra for deg sjølv eller dine pårørande og har behov for akutt-hjelp kan du kontakta fastlege eller legevakt, tlf 116117. 

Sist oppdatert 28.06.2024