Tilgang til eigen journal
Pasientjournal
All pasientbehanling skal dokumenterast i ein pasientjournal og du har rett til innsyn i eigen journal.

Pasientar har hatt rett til innsyn i eigen journal sidan 1977. Sidan 2016 har alle pasientar over 16 år i Helse Vest hatt tilgang til eigen sjukehusjournal på nett utan å måtte kontakte sjukehuset fyrst.
Les meir om rett til innsyn i eigen pasientjournal
Det er fleire måtar å få sjå pasientjournalen din på, og kva du kan få sjå er avhengig av kvar du har fått behandling, korleis du ber om innsyn, og korleis det du har bedt om blir levert til deg.
Dette er moglegheitene du har for å be om innsyn i pasientjournalen og innsynsloggen:
- Tenestene på helsenorge.no: Du får innsyn med ein gong, men det er ikkje alle dokument som kan visast elektronisk.
- Fyll ut elektronisk skjema: Ynskje om innsyn sendast med ein gong, men dokumenta sendast til deg i posten, så dette tek noko lengre tid. Til gjengjeld kan du på denne måten få sjå nokre dokument som ikkje kan visast i den digitale løysinga.
- Skrive ut og sende inn PDF-skjema: Du må sjølv skrive ut og postlegge skjemaet, og dokumentene sendat tilbake til deg i posten. Dette tek lengst tid, men også på denne måten kan du sjå enkelte dokument somikkje kan visast digitalt.
Det kan vera fleire grunnar til at ikkje alle opplysningar er digitalt tilgjengeleg for deg:
- Dokumentene er i eit format som me ikkje kan visa. Dette gjeld blant anna røntgenbilete, enkelte prøvesvar og journal frå fødsel.
- Dokumentet er ikkje godkjent (signert) av behandlar.
- Behandlar har ikkje godkjent journalnotat fordi ho eller han ventar på prøvesvar eller ynskjer snakke med deg om kva som står der.
- Nokre dokument som av juridiske eller faglege grunnar ikkje kan visast, som for eksempel resultat frå psykologiske testar eller rettspykiatriske dokument.
- Enkelte opplysningar kan du vera nekta innsyn i av lege eller behandlar.
- Du vil heller ikkje finna journal frå fastlege, tannlege eller andre behandlarar.
På helsenorge.no kan du få digital tilgang til tilgangsloggen som viser kven som har gjort oppslag i pasientjournalen din. Det kan vera både administrative og helsemessige årsaker til at ansatte gjer oppslag i ein pasientjournal. Alle oppslag vert registrert i loggen.
Sjølv om ein ansatt har arbeidd i din journal, betyr ikkje nødvendigvis det at den ansatte har opna dokument i den. Dersom den ansatte har opna dokument kan du sjå kva dokument som er opna.
I tilgangsloggen finn du også lenkje til det aktuelle dokumentoppslaget det gjeld.
Du kan også få tilsendt loggen på papir.
Dersom du har spørsmål eller ynskjer melde om innsyn du meiner kan vera urettmessige må du kontakte Voss DPS NKS Bjørkeli.
Tilgang til journalen vert gjeve gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no. Journalen din vil kun visast når du har logga deg inn. Systemet lager ingen kopi. Så lenge du ikkje loggar deg inn finnes det heller ingen elektronisk journal på internett.
Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne born under 12 år.
Det er frivillig å benytte seg av digitalt innsyn i pasientjournal og logg. Om du ikkje ynskjer ta i bruk den digitale tenesta, kan du framleis be om å få det tilsendt i posten.
Pasientjournal
Det er to måtar du kan bruke for å få kopi av dine journaldokument på papir:
- Fyll ut elektronisk skjema: Elektronisk førespurnad om utskrift av journal
- Skriv ut og send inn PDF-skjema: Skjema for tilgang til journaldokument på papir. Skjema sendast: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
Logg
- Fyll ut elektronisk skjema: Elektronisk forespurnad om utskrift av innsynslogg
- Skriv ut og send inn PDF-skjema: Skjema for tilgang til innsynslogg på papir. Skjema sendast: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Fyll ut elektronisk skjema: Spørsmål om oppslag i journal
- Skriv ut og send inn PDF-skjema: Spørsmål om oppslag i journal. Skjema sendast: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
Feil, retting og sletting
Feil kan førekome
Om du ser andre personars opplysingar
Om du oppdager at dokument som tilhøyrer andre personar i din journal må du straks ta kontakt med sjukehuset per telefon slik at feilen kan rettast opp så raskt som mogleg.
Melde frå om andre feil
- Fyll ut elektronisk skjema: Elektronisk førespurnad om endring i journal
- Skrive ut og sende inn PDF-skjema: Skjema for sletting og feilretting. Skjema sendast til: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss.
Ynskjer du å sperre journalen din slik at bestemte helsepersonell ikkje får tilgang til den, må du fylle ut skjema for sperring av tilgang for helsepersonell, skrive det ut og sende til Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss.