Openheitslova

Verksemder har plikt til å offentleggjere ei utgreiing av gjennomført aktamheitsvurdering. Openheitslova stiller minimumskrav til utgreiinga. Voss DPS NKS Bjørkeli AS (heretter omtala som Voss DPS) gjev her opplysningar om korleis me jobbar for å vareta krava i openheitslova.

​Organisering

Voss DPS er organisert som eit privat ideelt aksjeselskap. Me er 100% eigd av Norske Kvinners Sanitetsforening, Hordaland-Sør, som er fylkeslag i N.K.S. Me har driftsavtale med Helse Vest RHF som gjev oss ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern for vaksne i Voss lokalsjukehus sitt opptaksområde, det vil sei kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord. Ansvaret er også kalt “sørge for ansvar”.

Vårt organisasjonsnummer er 916270097.

Vår hovudinntekt er driftsmidlane frå Helse Vest RHF som utgjer omlag 90% av våre inntekter. Resterande inntekter er mellom anna pasientinnbetaling og refusjon frå HELFO.

Direktør rapporterer til styret og er dagleg leiar etter aksjelova. Styreleiar er Geir Lien. Direktør og dagleg leiar er Vegard Stalheim Kolve.

Voss DPS sitt organisasjonskart du laste ned her (pdf)

Ansvarleg verksemd

Styret i Voss DPS NKS Bjørkeli AS vedtok i styremøte, 15. september 2022, at Voss DPS skal vera ei ansvarleg verksemd. Direktør (dagleg leiar) fekk i oppdrag å utforme retningslinjer tilpassa vår verksemd. Styret fylgjer opp saka i kommande styremøter.

Me kartlegg no faktiske og mogelege konsekvenser for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, som me bidreg til. Me har laga ei oversikt over andre bedrifter me handlar varer og tenester hjå og kva slags varer og tenester det er snakk om. Alle våre leverandørar held til i Norge.

Me har som mål å ferdigstille denne prosessen i februar 2023.​

Me har vurdert om nokon av våre leverandørar fell inn under typiske risikogrupper.​

Me har kontakta alle leverandørar og sjekka om dei har gjort same vurderingar og korleis eventuell risiko er handtert.​

Me har tatt eigentest på responsiblebusiness.no og jobbar med utgangspunkt i denne.​

Aktsamheitsvurdering

​Aktsamheitsvurdering for 2022 kan du laste ned her​.pdf​

Be om innsyn

​​​Dersom du ynskjer innsyn i korleis Voss DPS jobbar med openheitslova må det skje skriftleg. Du kan anten sende epost til post@bjorkeli.no eller med vanleg postgang til: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

​Lovdata: Openheitslova

På Lovdata kan du lesa meir om verksemders krav om openheit og arbeid med grunnleggjande menneskerettigheitar og anstendige arbeidsforhald ​

Sist oppdatert 28.12.2023