Behandling
Metakognitiv terapi
Metakognitiv terapi er ein effektiv terapimetode i behandling av ei rekke psykiske lidingar. Kognitivt merksemdssyndrom (bekymring, grubling, fokusert merksemd på farar og uhensiktsmessige meistringsstrategiar) speler ei sentral rolle i forståinga og behandlinga av lidingane. Terapien handlar om å sjå på korleis forheld deg til tankane dine, og kva du tenker om dei.Før
Metakognitiv terapi krev ingen førebuingar.
Under
Denne terapiforma er mindre konfronterande enn tradisjonell kognitiv terapi (som stiller spørsmål ved innhaldet i tankane og kva som er irrasjonelt). I staden for å legge vekt på å endre tankeinnhald, er målet å avgrense tida du bruker til grubling over bekymringstankar. Det sentrale er at du blir bevisst din eiga tenking og forheld deg til den. Det er sentralt korleis du tenker om og forheld deg til dine indre, så vel som dine ytre opplevingar. Du lærer deg å utsette grublinga og la dei negative tankane komme, utan å la dei ta for stor plass.
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært gjennom behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil vere eit tema mot slutten av terapien.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Oppmøtestad
Voss DPS NKS Bjørkeli

Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss