Behandling

Kognitiv terapi hos voksne

Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelsar, og handlingar påverkar kvarandre. I denne behandlingsmetoden ser du og terapeuten nærare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenke om problemet på og korleis møte det. Forsking har dokumentert at kognitiv terapi har hjelpt mange til å få kontroll over problema sine.

Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der vi legg vekt på å jobbe med tankane dine, derav nemninga kognisjon, som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og vi forsøker å få deg til å sjå samanhengen mellom tankar, følelsar og handling. Forståing for korleis du tenker omkring og førestiller deg ei hending, blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan utløyse vonde følelsar, som igjen kan påverke handlinga på ein negativ måte.
 
Å oppleve ein situasjon der noko gjekk galt, blir hos mange forklart med tanken om at «Eg er dum». Det blir også kalla negativ sjølvattribusjon, og i kognitiv terapi vil du prøve å finne alternative tankar som kan erstatte dei negative.
 
Slik kan du få hjelp til å handle meir konstruktivt for deg sjølv. Det handlar om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenke, føle og handle på, ettersom vi saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at du tenker slik du gjer. 
 
Det er ulike kognitive metodar som har tilhøyrsle innan denne tilnærminga; kognitiv åtferdsterapi, metakognitiv terapi, ACT (accept and commitment therapy) og eksponeringsterapi.

Kognitiv åtferdsterapi er også ofte kalla berre kognitiv terapi. I kognitiv åtferdsterapi legg vi også vekt på å hjelpe deg til å finne ein god balanse mellom nødvendige gjeremål og aktivitetar som kan gi ei auka oppleving av meistring og tilfredsstilling. Vi legg vekt på å jobbe med risiko for tilbakefall. I kognitiv terapi jobbar vi med å forberede deg på å kunne bruke metodane og verktøyet vi har jobba med i terapien, som hjelp til sjølvhjelp etter avslutta behandling. 

Metakognitiv terapi er nyare kognitive tilnærmingar, der ein ikkje først og fremst legg vekt på å endre innhaldet i tankane, men å sjå på korleis du forheld deg til tankane, og korleis du tenker om tankane (derav metakognitiv). Denne terapien er mindre konfronterande enn tradisjonell kognitiv terapi (som stiller spørsmål ved innhaldet i tankane og kva som er irrasjonelt). I staden for å legge vekt på å endre tankeinnhald, er målet å avgrense tida du bruker på grubling over bekymringstankar. Det sentrale er å øve opp til ei metakognitiv haldning og at du blir bevisst di eiga tenking og forheld deg til den. Det er sentralt korleis du tenker om og forheld deg til dei indre så vel som ytre opplevingane dine. For eksempel er deprimerte ofte meir bekymra og grublar meir enn ein som ikkje er deprimert. Du lærer deg å utsette grubling og la dei negative tankane komme, men utan å la dei ta for stor plass. 

Aksept- og forpliktingsterapi (ACT) er ei anna nyare retning i kognitiv terapi som blant anna i mykje større grad vektlegg mindfulness. Tanke- og kjenslemessig smerte blir sett på som ein uunngåeleg del av livet og som oftast normale psykologiske reaksjonar på det som skjer i livet. Alle forsøk på å kontrollere eller unngå smertefulle opplevingar, tankar eller følelsar fører berre til endå meir smerte. ACT dreier seg ikkje om å motarbeide skremmande, sinte, angstfylte eller triste tankar, eller dei følelsane som blir sett i gang. Når du gir slepp på tanke- og kjenslekontrollen, kan du oppnå psykologisk fleksibilitet, der du kan eksistere i noverande augeblink. Aksept handlar om å kunne leve med noko. Å vere meir open for å kunne leve eit meir meiningsfullt liv, styrt av dei indre verdiane dine. 
I den kliniske kvardagen er det vanleg å bruke element frå ulike former for kognitiv terapi, og det blir dessutan lagt stadig meir vekt på å jobbe med emosjonsretta intervensjonar innan denne tilnærminga.

Eksponeringsterapi er ei anna retning innan kognitiv terapi. Den er godt vitskapeleg dokumentert og gir ofte god og relativt rask symptomlindring. Den overordna ideen ved denne terapiforma er at vi gjennom ulike pedagogiske teknikkar og treningsprogram forsøker å bryte dysfunksjonelle åtferdsmønster. Ved hjelp og rettleiing frå ein kompetent behandlar lærer du deg til gradvis å nærme deg det som gir deg angst, og angsten vil då gradvis bli redusert. Denne behandlingsforma kan vere krevjande, men gir god effekt. 
 

Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal bruke evidensbaserte metodar, det vil seie behandlingsmetodar som har dokumentert effekt. 

Før

Før behandlinga kan det vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker med behandlinga, og kva målet ditt er.

Om du klarer å gjere nokre små endringar i positiv retning i ventetida, er det verdifullt. Det kan for eksempel dreie seg om å starte med forsiktig fysisk aktivitet eller noko anna behandlaren din anbefaler.

Under

Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og du må saman med behandlar bli einig om måla for behandlinga di. 

I kognitiv terapi er det veldig vanleg å få heimeoppgåver mellom behandlingstimane. Arbeidstimane dine mellom behandlingstimane blir sett på som ein viktig faktor av mange for betring. Psykoedukasjon og innsikt i korleis plagene dine heng saman, er også eit viktig element som gjer det lettare å kunne endre tanke- og åtferdsmønsteret ditt. 

Psykoedukasjon vil vere ein naturleg del av behandlinga av ulike diagnosar.



Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært gjennom behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil vere eit tema mot slutten av behandlinga.