Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personlegdomsforstyrringar

Personlegdom er vår stabile og karakteristiske måte å tenkje, kjenne og handle på. Personlegdomsforstyrring er når ein har personlegdomstrekk som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen og skaper problem i forholdet til andre menneske.

Kjennetekn

Personlegdomsforstyrringar kan medføre vanskar med sjølvkjensle, identitet og regulering av kjensler. Dei kan gjere det meir krevjande å fungere saman med andre, knytte seg til andre menneske og forstå andre sin situasjon.

Døme på personlegdomsforstyrringar er

  • å vere prega av kjenslemessig uro, mistenksamheite eller avhengnad,
  • å vera unnvikande eller tvangsprega
  • å ha ei blanding av ulike hemmande personlegdomstrekk, som gjer fleksibel tilpassing i nære relasjonar vanskeleg.

Personlegdomsforstyrringar kan føre til at ein blir rigid og får vanskar med å omstille seg til skiftande krav frå omgjevnadane. Ikkje minst kan det bli krevjande å tilpasse seg endringar i nære forhold til andre menneske. Det fører til at personen strevar og har det vanskeleg i livet sitt. Konsekvensane av personlegdomsforstyrringa kan altså bli svært plagsame, både for personen sjølv og for omgjevnadane, avhengig av graden av alvor.

Nokre personar med personlegdomsforstyrringar kan i tillegg ha problem med tilbakevendande depresjonar, angstlidingar, ADHD, eteforstyrringar eller rusmiddelproblem.

For menneske med personlegdomsforstyrringar, som for oss alle, vil kriser eller andre belastande livshendingar ofte framheve ulike personlegdomstrekk som kan skape vanskar for oss sjølve og i relasjonar til andre.

Diagnosen personlegdomsforstyrring gir innsikt i kva problem du kan ha og er ofte nyttig for å få tilpassa og god behandling. Samtidig seier ein slik diagnose i seg sjølv lite om kven du er som menneske. Alle menneske er unike individ.

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi over lengre tid. Det finst fleire behandlingstilbod som kan vere til hjelp.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging