Det er mogleg å få hjelp for angstproblem. I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsmetodar. Du blir oppfordra til å ta opp det du ev. er ueinig i eller usikker på, med behandlaren din, slik at de saman kan finne gode løysingar som er tilpassa behova dine.
Samval
Kva behandling som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Behandlingsmetoder
Kognitiv terapi og medikamentell (farmakologisk) behandling er i hovudsak behandlingsmetodane for fobisk angst og panikkangst. Psykoedukasjon og eksponeringsbehandling kan inngå i den kognitive terapien.
Behandlinga kan bli gitt individuelt eller i gruppe. Kva som blir valt, er også avhengig av kva du ønsker sjølv.
Eksponeringsterapi
Den overordna ideen ved denne terapiforma er at ein gjennom ulike pedagogiske teknikkar og treningsprogram prøver å bryte uhensiktsmessige åtferdsmønster. Ved hjelp og rettleiing frå ein kompetent behandlar lærer du deg til gradvis å nærme deg det som gir deg angst, og angsten vil då gradvis bli redusert. Denne behandlingsforma kan vere krevjande, men gir god effekt.
Psykoedukasjon
Psykoedukasjon omfattar opplæring omkring korleis angsten kan komme til uttrykk gjennom kroppen, følelsane, tankane og overfor andre menneske. Opplæringa vil også omfatte informasjon om korleis handlingane dine, som å unngå det vanskelege, kan vere med på å oppretthalde angsten. Ved at du får ei forståing for kva som skjer i kroppen og i tankane under eit angstanfall, kan angsten bli opplevd som langt mindre plagsam. Kunnskap og informasjon om angst kan også gjere det lettare å oppsøke behandling og auke forståinga av kvifor behandlinga er som den er.
Medikamentell behandling
Nokre treng ein kombinasjon av medikamentell behandling og psykoterapi. Det vil bli vurdert individuelt. Nokre medikament er ikkje anbefalt i kombinasjon med for eksempel eksponeringsterapi, fordi eksponeringa vil få mindre effekt.