Er du pasient?

På denne sida vil du finna informasjon om kva du kan gjera for å forberede deg til fyrste samtale i poliklinikk, kva som skal skje i fyrste samtale og korleis behandlinga skal føregå.

Illustrerer samtale mellom pasient og behandler

​Behandling i spesialisthelsetenesta krev tilvisning frå fastlege eller anna helsepersonell som har autorisasjon til å tilvise vidare. 

Inntaksteamet ved Voss DPS NKS Bjørkeli vil ut i frå tilvising vurdera om du har rett til helsehjelp. Retten til helsehjelp er basert på ei prioriteringsforskrift i prioriteringsveiledaren, utgitt av Helsedirektoratet. Fristen for å vurdere nye tilvisingar er sett til 10 virkedagar frå den er mottatt. 

Når du får innvilga rett til helsehjelp, vil du på bakgrunn av prioritering, bli informert om når fristen din for helsehjelp skal innfriast. I same brev skal du bli tildelt time og behandlar. Brevet vil du få tilgang til via helsenorge.no i tillegg til at det vert sendt per post. Du vil også få sms-varsling med informasjon om tid og oppmøtestad. 

Dersom du ikkje innfrir retten til helsehjelp, vil du motta informasjonsbrev om dette. Her vil du få informasjon om kva tilbod som kan vera aktuelle for deg. 

Eit tips kan vera å tenkja gjennom kva du ønskjer få ut av behandlinga. Kva er målet ditt? Klarar du gjera små endringar alt før fyrste time? Dette kan vera verdifullt for deg. 

Har du spørsmål i forkant eller ønskje om video- eller telefonkonsultasjon kan du kontakte oss på telefon 56 51 40 00.​

Fyrste kontakt med din behandlar blir brukt til å avklare dine behov, mål og ønskjer for behandling og vidare oppfylging. ​Det vert tilrettelagt for å ha med pårørande om du føretrekk det. I fyrste samtale vil ein ta tak i problema du opplever og kva som er/kan vera årsaken til dette. Varigheit av samtale er mellom 45-60 minutt, men fyrste samtale kan vara noko lengre enn dette. 

I nokre tilfeller vil ein kanskje finne at det ikkje er grunnlag for vidare utgreiing eller behandling i psykisk helsevern. Då vil du få informasjon om andre tilbod som kan vera aktuelle for ditt vedkommande. 

​I starten av eit nytt forløp vil tida gå med til utgreiing av dine problem/vanskar. Ulike metodar som vert brukt er samtalar, strukturerte intervju og spørjeskjema. Du som pasient, saman med behandlar, vil utforske dine hovudutfordringar og behovet for vidare oppfylging. Ei utgreiing har som hensikt å føra til ei vurdering av tilstand og beslutte vidare behandling. 

Ein poliklinisk time/behandling består av jamnlege samtalar med din behandlar eller behandlingsteam. Saman med din hovudbehandlar, set de mål for behandling, hyppigheit for timar og varigheit av desse. 

Det vert tilbydd fleire typar behandlingsmetodar og behandlinga di vil vera basert på tilstanden din. Voss DPS NKS Bjørkeli tilbyr behandlingsmetodar som er forskningsbasert og har god dokumentert effekt ved dei ulike lidingane. Generelt sett kan ein sei at ein må øva litt for å få til forandringar i livet. Det vil derfor bli viktig at du øver på det du lærer mellom samtalane med din behandlar. 

Det er ikkje sikkert du er kvitt alle symptom etter avslutning av behandling, men mange opplever at behandligsløpet har gjort det som opplevast vanskelig meir klart og at ein har fått gode verktøy å jobba vidare på eige hand. 

Polikliniske timar vert tilbydd både med oppmøte, videokonsultasjon eller telefonkonsutltasjon. Nokre vil ha god effekt av gruppebehandling og vil få tilbod om deltaking i dei ulike gruppetilboda til Voss DPS NKS Bjørkeli. 

​Døgnbehandling vert tilbydd pasientar i Voss DPS NKS Bjørkeli sitt opptaksområde der det vurderast innleggelse dersom andre hjelpetiltak ikkje er tilstrekkelege. Voss DPS NKS Bjørkeli har ikkje akutt-funksjon knytt til døgnavdelinga, men tek inn pasientar basert på tilvising frå fastlege eller andre med autorisasjon til å tilvise til spesialisthelsetenesta. 

Alle innleggelsar ved Voss DPS NKS Bjørkeli er frivillige. 

Les meir om døgnavdelinga på våre heimesider

​Dersom det viser seg at det er behov for samarbeid med andre instansar, vil Voss DPS NKS Bjørkeli legge til rette for samarbeid med desse. Det er du som pasient som bestemmer kven som skal involverast i behandlinga di. For eksempel kan det vera aktuelt å kopla på pårørande, fastlege, NAV, kommune. Dersom behov vil det bli lagt til rette for samarbeidsmøter med aktuelle samarbeidspartnarar. ​



Sist oppdatert 06.02.2023