Bygg 1: Døgnavdeling og administrasjon

Døgnavdeling

Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar i Voss sjukehusområde som består av kommunane Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik.  Døgnavdelinga ligg i 3 høgd i bygg 1, Bjørkelivegen 27 og har plass til 12 pasientar. Ein av desse plassane er reservert brukarstyrt plass. Behandlarteamet på døgn består av overlege/psykiater, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykolog og sosionom. Miljøpersonalet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og aktivitetsleiar. Dei fleste har vidareutdanning innanfor psykisk helse. I tillegg har fleire vidareutdanning i kognitiv terapi.

Døgnavdelinga har plass til 12 pasientar og ligg i hovedbygget i Bjørkelivegen. 


Våre hovedoppgåver er: 

  • Utgreiing og behandling av pasientar
  • Utdanning av helsepersonell
  • Opplæring av pasientar og pårørande

 

Lengd på opphaldet kan variera. Enkelte gonger kan eit kortvarig opphald vera å føretrekkja (kriseintervensjon, stabilisering, 1- 3 veker). Andre gonger er det nødvendig med eit litt lengre opphald (behandlingsopphald, 3- 12 veker).        

Voss DPS NKS Bjørkeli har tilbod om brukarstyrt plass (5 dagar). Dette gjeld personar som har eigen avtale om dette og som har underskreve kontrakt.           

Du vil ganske raskt etter innkomst få snakka med psykiater/psykolog. Antatt varigheit av opphaldet vil vera tema i denne samtalen. Du vil òg få tildelt ein primærkontakt blant miljøpersonalet som jobbar i avdelinga. Denne har fokus på deg som pasient, dine behov og problemstillingar, og vera meir tilgjengeleg enn resten av miljøpersonalet.            

Du er frivillig innlagt ved Voss DPS Bjørkeli. Du står fritt til å skriva deg ut når du måtte ynskja. Ein anbefalar deg likevel å vera innlagt så lenge som behandlingsansvarleg rår deg til.   

Fyrste helga etter innkomst frårår me permisjon. Vidare skal permisjonar avklarast med behandlar. 

 

Kontakt

Postadresse

Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3


En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss