Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Utviklingshemming og angst- og belastingslidingar

Angst- og belastningslidingar er eit samleomgrep for ei gruppe psykiske lidingar der hovudkjenneteikn er angstsymptom. Det er også vanleg med depresjonssymptom. Angstsymptoma spenner frå lett nervøsitet til panikkanfall med dødsangst og ein kropp i full beredskap. Denne gruppa psykiske lidingar omfattar fobiar, panikkliding, generalisert angstliding, tvangsliding, akutt belastingsliding, posttraumatisk stressliding (PTSD) og dissosiasjonsliding.

Symptom

Hos personar med utviklingshemming kan angstsymptom vere svært vanskelege å oppdage fordi angstsymptom medfører uro, irritabilitet, motorisk aktivitet som synest ikkje-målretta, og i mange tilfelle aggresjon mot personar og gjenstandar. I slike situasjonar kan det vere svært vanskeleg for nærpersonar å observere angstsymptom. Det kan derfor gå mange år før angstplagene blir oppdaga, især hos dei med alvorleg og djup utviklingshemming.

Studiar peikar mot langt hyppigare førekomst enn i den generelle befolkninga, spesielt ved samtidig autismespekterforstyrring. Symptoma vil påverkast av kor alvorleg grad av utviklingshemming personen har. I tillegg til endra veremåte som nemnt over, kan personar med utviklingshemming utvikle store åtferdsvanskar som følgje av angst. Desse omfattar spesielt sjølvskadande åtferd og fysisk aggresjon.  

Utgreiing

Pårørande eller tilsette som arbeider med ein person som er psykisk utviklingshemma, bør kontakte fastlegen til vedkommande eller andre behandlarar ved mistanke om psykisk liding i tillegg til den psykiske utviklingshemminga. Fastlegen kan tilvise vidare til spesialisthelsetenesta for utgreiing og vurdering; anten habiliteringsteneste eller psykisk helsevern. For pasientar med tilstandar som er spesielt alvorlege og tilstandar som er vanskelege å utgreie, kan spesialisthelsetenesta søkje om utgreiing og behandling til spesialiserte psykiatritenester for personar med utviklingshemming.

Familiane bør vere ein naturleg del av samarbeidet om utgreiing og behandling. Næraste pårørande bør derfor vere med på møte med både med spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.

Behandling

Angst- og belastningslidingar hos personar med utviklingshemming blir behandla på same måten som i den generelle befolkninga, tilpassa til graden av utviklingshemming som pasienten har og eventuelle andre tilleggsvanskar som autisme. I motsetning til behandling av psykose og stemningsliding der medikament er sentrale, er det ved angst- og belastingslidingar dei psykologiske og ikkje-medikamentelle behandlingsformene som har dokumentert best effekt. Slike behandlingsformer er krevjande for pasienten og dei aller fleste med utviklingshemming vil vere heilt avhengig av ein profesjonell omsorgsgivar gjennom heile behandlingsforløpet.

Behandlingsformene omfattar først og fremst miljøbehandling. Miljøbehandling omfattar samhandlingsstrategiar hos tilsette i psykisk helsevern (eller i butiltaket til pasienten) som siktar mot lindring av angstsymptom. Særlege tiltak innanfor miljøbehandling overfor personar med utviklingshemming kan vere taktil stimulering, sosiale historier, sjølvhjelpskort og samhandling med vekt på at pasienten har høve til å påverke omgivnadene.

Anna aktuell behandling kan vere samtalebehandling med vekt på å lære om tilstanden, trene på å tole det som er angstframkallande (eksponeringsterapi) eller gruppebehandling.

Dei meir alvorlege tilfella av angst- og belastningslidingar hos personar med utviklingshemming bør behandlast i spesialisthelsetenesta, enkelte gonger i døgnavdeling. For personar med moderat, alvorleg eller djup utviklingshemming skal behandlinga skje i regi av eit spesialisert tilbod for personar med utviklingshemming.

 

Angst- og belastningslidingar er i dei fleste tilfella langvarige og kan bli meir alvorlege dersom dei ikkje blir oppdaga og behandling ikkje blir sett i verk. Dersom plagene til pasienten blir forstått som åtferdsvanskar utan at den underliggjande psykiske lidinga blir identifisert og behandla, kan tilstanden blir av kronisk karakter. Tilstanden kan då gi varig redusert funksjon og vesentleg redusert livskvalitet.

Utgreiing av denne gruppa lidingar er vanskeleg fordi symptoma ofte blir vurderte som åtferdsvanskar. Utgreiinga bør derfor skje i regi av spesialisthelsetenesta i samarbeid med kommunale tenester og familien til pasienten. Behandlinga kan i dei fleste tilfella gjennomførast som eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta (psykisk helsevern eller habiliteringstenesta) og kommunehelsetenesta. Det krev tett samarbeid med butiltak, dagtilbod og familien. Dersom det er nødvendig med medikamentell behandling, må slik behandling blir overvakt nøye og psykiatar i spesialisthelsetenesta bør ha ansvaret, til det er forsvarleg at fastlege tek over.

Vaksne personar med utviklingshemming har vanlegvis oppfølging av profesjonelle omsorgsgivarar i kommunale butiltak. Dei tilsette i butiltak vil ha behov for tett og god rettleiing av tilsette i spesialisthelsetenesta.

Dersom pasienten blir behandla medikamentelt, må verknad og eventuelle biverknader blir overvakt systematisk med blodprøvar og med klinisk observasjon. Angst- og belastingslidingar vil medføre auka fysiologisk beredskap. Dette kan gi høgt blodtrykk og andre kroppslege plager. Også mental overbelasting («sliten hjerne») er vanleg, noko som kan gi mange av dei same symptoma som angstlidingar: Motorisk uro og irritabilitet/aggresjon. Mangel på søvn er vanleg.

 

Oppfølging

Pasienten blir følgd opp av spesialisthelsetenesta, anten psykisk helsevern eller habiliteringstenesta for vaksne, fram til pasienten er i klar betring og kommunal teneste kan overta oppfølginga. Oppfølging skjer i regi av psykisk helsearbeidar i kommunen som bør ha kontakt med tilsette i bustaden og ikkje minst familien.

Meir informasjon om tilbod til psyskisk utviklingshemma med psykiske lidingar finn du på nettsidene til NAKU – Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming:

Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss