Diagnose

Eteforstyrringar

Eteforstyrringar blir kjenneteikna av overinteresse for kropp, mat og vekt. Sjølvkjensla er i sterk grad knytt til kroppsbilete. Dei vanlegaste eteforstyrringane er anoreksi, bulimi og overetingsliding.

Tre formar eteforstyrringar

Ved eteforstyrringar blir livskvaliteten avgrensa av tankar, kjensler og handlingar knytte til mat, vekt og kropp. Vi skil mellom tre former:

Anoreksi

– blir kjenneteikna av alvorleg undervekt og sterkt avgrensa matinntak. Personar med anoreksi har ofte intens frykt for å leggje på seg, sjølv om kroppsvekta er under det normale.

Bulimi

– blir kjenneteikna av gjentekne episodar med stor overeting etterfølgd av tiltak (reinsing) for å unngå vektauke, lindre skamkjensle og vinne tilbake kontroll. Vanlege metodar for reinsing er oppkast og bruk av avførings- eller vassdrivande medikament. Det skjer ofte i kombinasjon med streng faste eller overdriven fysisk aktivitet. Dei fleste personar med bulimi har normal kroppsvekt.

Overetingsliding

– blir kjenneteikna av episodar med overeting og opplevd mangel på kontroll, men utan bruk av sjølvframkalla oppkast eller andre handlingar som skal forhindre vektauke. Mange får problem med overvekt.

Meir om lidinga

Dei ulike eteforstyrringane har same kjerne, som er ei overvurdering av kroppsfigur, vekt og kontroll i vurderinga av eins verdi som menneske. Det er ikkje uvanleg at ein over tid kan skifte mellom til dømes å ha anoreksi og bulimi. Nokre av dei som har overetingsliding har hatt bulimi i ungdomstida.

Det finst også andre former, som atypisk anoreksi og atypisk bulimi, eller uspesifisert eteforstyrring. Her har ein ei eteforstyrring og treng behandling, men manglar eitt eller fleire av dei mest sentrale kjenneteikna ved dei andre eteforstyrringane.

Eteforstyrringar finst hyppigast blant unge kvinner, men rammar også gutar og menn. Låg sjølvkjensle og negativt sjølvbilete er vanleg ved eteforstyrring. Sjølvkjensla er gjerne sterkt knytt til kroppsvekt og utsjånad. Alvorsgrada varierer frå mild til livstruande.

Eteforstyrringar opptrer ofte saman med andre psykiske lidingar, til dømes depresjon, noko som vil ha noko å seie for korleis behandlinga blir lagd opp.

Det kan vere vanskeleg for omgivnadene å vite korleis ein best skal hjelpe den som har ei eteforstyrring. Personen sjølv har ofte motstridande kjensler til om han eller ho ønskjer hjelp eller ikkje.

Ei eteforstyrring tek mykje plass og fortrengjer andre aktivitetar som kunne gitt meir glede og meining. Det er som at livet blir sett på vent. Derfor er det viktig å søkje hjelp. Gjennom behandlinga kan du oppnå fridom til å velje det du set pris på i livet ditt.

Årsaker til eteforstyrring

Årsakene til ei eteforstyrring er ulike frå person til person. Problema kan utløysast og haldast oppe av mange ulike forhold. Det kan dreie seg om arv og biologi, psykologiske faktorar, til dømes låg sjølvkjensle, og sosiale forhold, til dømes haldningar hos dei ein omgåst og kroppsideal og slankepress i samfunnet.

Eteforstyrringar byrjar gjerne med eit ønske om tap av vekt, men så blir ein stadig meir oppteken av kroppsfigur og vekt og over å ha kontroll over kva ein et. Gradvis tek dette all merksemd, og andre sider ved livet blir nedprioritert.

Eteforstyrringar blir ofte prega av vonde sirklar. Ein periode med sjølvpålagd svolt blir gjerne etterfølgt av ein periode med overeting og etterfølgjande sjølvkritikk. Det fører ofte til ein ny periode sterkt redusert matinntak. Eteforstyrringa forsvinn ikkje av seg sjølv og har dessverre ein tendens til å bli verre over tid.

Saman med behandlaren din kan du drøfte kva som har bidrege til eteforstyrringa di og kva som kan tenkjast å halde problema ved like. Det er viktig å snu vonde sirklar til gode sirklar, med auka oppleving av styring og kontroll i eige liv.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren Psykisk helsevern for vaksne, vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Det kan også vere aktuelt å vurdere tilvising vidare til eit regionalt senter for eteforstyrringar.

Utgreiing

For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema du som pasient søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggjast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli teke på alvor.

Utgreiing skjer ofte i samarbeid med fastlegen, som kan ta ansvar for den fysiske utgreiinga.

Både i poliklinisk behandling og i døgnbehandling er det viktig å få informasjon om følgjande forhold:

  • Fysisk helsetilstand, inklusive blodprøver
  • Matvanar: mat og drikke
  • Psykiske plager og lidingar
  • Sjølvmordsfare
  • Bruk av rusmiddel
  • Barndoms- og oppvekstforhold
  • Negative hendingar før og no
  • Problem i privatliv og arbeid
  • Behov for evaluering av tannlege
  • Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast

Sentrale spørsmål er korleis eteforstyrringa artar seg og kva som bidreg til å halde ho oppe. Motivasjonen din for og ønskjer om endring er også eit viktig tema.

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Så set du og behandlar opp ein plan for behandling, der de tek omsyn til kva plager du har og kor sterke dei er, og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungere i kvardagen. Du skal her får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordne tenester som blir sette i verk. Du finn meir informasjon om dette på helsenoreg.no

Individuell plan – helsenoreg.no

Ved døgnbehandling vil eit tverrfagleg behandlingsteam saman med deg vurdere helsetilstanden din og behova dine for ulike hjelpetiltak.

Behandling

Måla for behandlinga vil variere frå person til person, avhengig av helsetilstanden din, behova og ressursane dine, og motivasjonen din. Det langsiktige målet vil ofte vere å leve eit vanleg liv, der overinteresse for mat, kropp og vekt ikkje lenger svekkjer livskvalitet og livsutfalding. Viktige delmål kan vere:

  • Innsikt i fordelar og ulemper ved endring
  • Rett mengd mat regelmessig gjennom dagen, tilpassa grad av fysisk aktivitet
  • Kunnskap om kva som utløyser og held oppe eteforstyrringa, og om kva du sjølv kan gjere for å bli betre
  • Auka evne til problemløysing
  • Styrkte sjølvkjensle og sjølvtillit
  • Betring i forholdet til andre menneske
  • Stabil vekt, og for kvinner regelmessig menstruasjon
  • Kunnskap om kva du kan gjere for å hindre tilbakefall

Alle som går i poliklinisk behandling for eteforstyrringar bør også til regelmessige kontrollar hos lege, for mellom anna å ta blodprøvar. Dette blir oftast gjort hos fastlege.

I samtalar med behandlaren din får du informasjon om eteforstyrring og korleis han kan forståast og meistrast. Samtalane blir også retta mot innsikt i og endring av negative handlingsmønster og tenkjemåtar, og meistring av vonde kjensler. Du får snakka om vanskar og dilemma i kvardagen din og om tidlegare hendingar som du tenkjer har noko å seie for problema dine i dag. Du lærer meistringsstrategiar som gir deg auka tryggleik og kontroll. Du får hjelp til å løyse problem i skule eller arbeid. De samarbeider også om at du kan oppnå og halde ved like eit regelmessig matinntak og ei stabil vekt. Dessutan får du kunnskap om kva du kan gjere for å førebyggje tilbakefall.

Behandlinga består av samtalar individuelt eller i gruppe. Dessutan er familiearbeid høgt prioritert. For somme kan det vere aktuelt med medikamentell behandling. Det kan vere nyttig å samarbeide med ein klinisk ernæringsfysiolog, som har nyttig kunnskap om kropp og ernæring. Ved undervekt er det ein fordel å føre ei etedagbok, som kan gi oversikt og nyttig informasjon.

Behandlinga skjer vanlegvis poliklinisk, der du kjem til jamlege avtalar. Somme kan få eit tilbod om innlegging ved ei døgneining, med ein kombinasjon av ulike former for behandling, som miljøterapi, gruppesamtalar, fysisk trening, kosthaldsrådgiving og familiesamarbeid og dessutan vurdering av medikamentell behandling. Fordelar ved døgnbehandling er at hjelpetilbodet kan vere omfattande med konsentrert innsats. Du får tryggje rammer rundt deg i ein vanskeleg fase av livet.

Oppfølging

For mange tek det tid å bli frisk av ei eteforstyrring. Det meste av behandlinga skal skje poliklinisk. Ved døgnbehandling er det derfor viktig med ein god overgang til poliklinisk behandling.

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete tiltak du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper. Spesielt viktig er det å følgje opp tilrådd kostplan, og halde fram med å arbeide mot ei normal vekt.

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søkje faglege råd hos oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.

For mange vil det vere viktig med regelmessig kontakt med fastlege i etterkant av poliklinisk behandling.