Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Personlegdomsforstyrringar

Personlegdom er vår stabile og karakteristiske måte å tenkje, kjenne og handle på. Personlegdomsforstyrring er når ein har personlegdomstrekk som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen og skaper problem i forholdet til andre menneske.

Personlegdomsforstyrringar kan medføre vanskar med sjølvkjensle, identitet og regulering av kjensler. Dei kan gjere det meir krevjande å fungere saman med andre, knytte seg til andre menneske og forstå andre sin situasjon.

Døme på personlegdomsforstyrringar er typisk å vere prega av kjenslemessig uro, mistenksamheite eller avhengnad, eller at ein typisk er unnvikande eller tvangsprega. Somme har ei blanding av ulike hemmande personlegdomstrekk, som gjer fleksibel tilpassing i nære relasjonar vanskeleg.

Personlegdomsforstyrringar kan føre til at ein blir rigid og får vanskar med å omstille seg til skiftande krav frå omgjevnadane. Ikkje minst kan det bli krevjande å tilpasse seg endringar i nære forhold til andre menneske. Det fører til at personen strevar og har det vanskeleg i livet sitt. Konsekvensane av personlegdomsforstyrringa kan altså bli svært plagsame, både for personen sjølv og for omgjevnadane, avhengig av graden av alvor.

Nokre personar med personlegdomsforstyrringar kan i tillegg ha problem med tilbakevendande depresjonar, angstlidingar, ADHD, eteforstyrringar eller rusmiddelproblem.

For menneske med personlegdomsforstyrringar, som for oss alle, vil kriser eller andre belastande livshendingar ofte framheve ulike personlegdomstrekk som kan skape vanskar for oss sjølve og i relasjonar til andre.

Diagnosen personlegdomsforstyrring gir innsikt i kva problem du kan ha og er ofte nyttig for å få tilpassa og god behandling. Samtidig seier ein slik diagnose i seg sjølv lite om kven du er som menneske. Alle menneske er unike individ.

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi over lengre tid. Det finst fleire behandlingstilbod som kan vere til hjelp.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema og plager du søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tekne på alvor.

Utgreiinga består av samtale med behandlar der følgjande punkt er sentrale:

  • varigheita, styrken og omfanget av plagene, og i kva situasjonar dei oppstår
  • moglege samanhengar mellom plagene, eventuelle traumatiske hendingar i oppveksten og belastingar i noverande livssituasjon
  • symptom på anna psykisk liding, til dømes depresjon og angstlidingar
  • tidlegare psykiske lidingar og behandling
  • bruk av medikament
  • bruk av rusmiddel
  • grad av fysisk aktivitet
  • problem i privatliv, studiar eller arbeid
  • personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast

Det vanlegaste ved utgreiing av personlegdomsforstyrringar er bruk av eit systematisk diagnostisk intervju (ofte ved eit kartleggingsverktøy som blir kalla SCID-5-PF). Her blir ulike personlegdomstrekk kartlagde og typiske handlingsmønster. Etter intervjuet skal du få informasjon om resultatet. Saman med intervjuaren skal du kunne ta stilling til kva personlegdomstrekk som eventuelt skaper mest problem for deg.

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Ut frå kva plager du har og omfanga deira, utløysande årsaker og forhold som held problema ved like, blir dykk i fellesskap samde om ein behandlingsplan.

Behandling

Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få eit best mogleg utbytte. Saman blir dykk samde om mål for behandlinga. Du skal få informasjon om kva ei personlegdomsforstyrring er og korleis behandlinga er tenkt å hjelpe. Du skal kjenne deg godt informert og involvert i heile behandlingsforløpet. Pårørande dine kan gjerne involverast, for å få informasjon og for å vere ein ressurs i behandlinga.

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi, der også ein kombinasjon av individuelle samtalar og gruppebehandling kan vere aktuelt. Behandlinga bør leggjast til rette for den typen personlegdomsvanskar du strevar med. I terapien får du støtte til å utforske og forstå samanhengen mellom hendingar, kjensler og åtferd.

Også andre hjelpetiltak kan vere aktuelle, som til dømes hjelp med økonomi og bustad. Av og til må slike tiltak komme tidleg for å kunne konsentrere seg om samtalebehandlinga. Hjelp til arbeid kan også vere aktuelt.

Målet med behandlinga er å redusere plagene dine, auke livskvaliteten din og hjelpe deg til å fungere godt i kvardagen. Behandlinga vektlegg å styrkje sjølvkjensla og tilliten din til andre. Det vil gjere deg betre i stand til å fungere saman med andre.

Generelt kan ei rekkje former for psykoterapi vere til god hjelp ved ulike personlegdomsforstyrringar.

Psykoterapi

Lidinga kan endre seg over tid. Gamle mytar som «ein gong personlegdomsforstyrring – alltid personlegdomsforstyrring» heng dessverre framleis igjen hos mange. Studiar viser likevel at mange blir betre over tid, og at godt tilrettelagd behandling kan gi endå raskare betring. Spesielt gjeld dette ferdigheiter til å regulere kjensler og forståinga av deg sjølv og andre. Det same gjeld hjelp til å fungere i kvardag, studiar og arbeid, ut frå behova og ønska dine.

Medikamentell behandling

Medikamentell behandling har vanlegvis lita betydning for behandling av sjølve personlegdomsforstyrringa. Dersom du har psykiske tilleggsvanskar, som til dømes angst, depresjon, ADHD eller psykose, kan medikamentell behandling vere nyttig i kombinasjon med samtalebehandlinga.

Kriseintervensjon

I hovudsak skal behandling av personlegdomsforstyrringar skje ved at du kjem til ein samtale på ein poliklinikk. Ved akutte kriser kan kortvarig innlegging på ei døgnavdeling i psykisk helsevern vere nødvendig. Behovet for innlegging blir vurdert i samråd med behandlaren din.

Kriseplan

Saman med behandlaren din kan du avtale ein kriseplan. Det er ein plan for meistring og nyttige tiltak i kritiske fasar, med ei beskriving av varselsignal, strakstiltak og kven som bør kontaktast.

Individuell plan

Vi tilbyr hjelp til utarbeiding av ein individuell plan. Den inneheld tiltak og tenester du som pasient har behov for av ulike instansar, rutinar og tidspunkt for evaluering, kven som er ansvarleg for dei ulike tilboda, og kven som skal vere koordinatoren din. Du finn meir informasjon om individuell plan og koordinator på helsenorge.no

Individuell plan – helsenorge.no

Tilbod til pårørande

Pårørande kan ha behov for informasjon og støtte. Samtalar med vaksne pårørande, i samarbeid med deg, kan vere ein viktig del av behandlingstilbodet ditt. Det same gjeld samtalar om barns situasjon og behov, dersom du har barn.

Barn som er pårørande er ofte i ein sårbar situasjon, og kan ha behov for informasjon. Helsepersonell som behandlar foreldre, har eit spesielt ansvar for å kartleggje situasjonen til barnet. Dersom du har barn, kan du i samtale med behandlaren din saman vurdere om barnet har behov for oppfølging. Du skal dessutan få god informasjon og rettleiing om aktuelle tiltak. Det kan ofte vere aktuelt å samarbeide om korleis samtalar med barn konkret skal leggjast opp, kvar dei kan få informasjon som er tilpassa dykkar alder og behov på ein trygg og god måte.

Oppfølging

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete ting du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søkje faglege råd hos oss. Du kan også drøfte med fastlegen om det er mogleg å få ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.

Somme har behov for oppfølging av psykisk helsearbeidar i kommunen, og for mange vil det vere aktuelt med samarbeid med NAV. Behandlaren din ved distriktspsykiatrisk senter kan bidra i dette samarbeidet for å gi ei auka forståing for ressursane dine, problem og behov.