Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
MUSIKKTERAPI VED PSYKISKE LIDELSER OG/ELLER RUSPROBLEMER

Musikkterapi

Musikkterapi inneber at du saman med ein musikkterapeut utforskar dei moglegheitene musikken gir til å arbeide med problem og dekke viktige behov på ein god måte. Du møter til jamlege timar med ein musikkterapeut, aleine eller i gruppe. Vi legg til rette terapien både for deg som har mykje erfaring med musikk og for deg som har lite eller inga erfaring.

Musikk er ein aktivitet som bygger på vår medfødde evne til å kommunisere gjennom lyd og rørsle. Derfor gir musikken tilgang til sosialt samvær, kommunikasjon og uttrykk av kjensler. Av og til kan psykiske lidingar eller rusmiddelproblem gjere at ein mistar litt av kontakten med musikk. Å arbeide med ein musikkterapeut er ei moglegheit til å finne tilbake til musikken, og gjennom det også arbeidet med andre problem. 

Eit tilbod om musikkterapi kan i stor grad skreddarsyast til behova og interessene dine. Det gjeld både val av aktivitet, som lytting eller aktiv utøving av musikk, og bevisstgjering av kjensler eller av erfaring med samspel og fellesskap.Terapien kan stundom supplerast med musikalsk eigenaktivitet, mellom terapitimar og/eller etter avslutta terapiforløp.  

Musikkterapi kan bidra til å redusere depressive symptom og angstplager, og dessutan negative symptom ved psykose, for eksempel gledesløyse, passivitet og redusert evne til å uttrykke kjensler. Dessutan kan musikkterapi framme psykisk helse, og styrke motivasjon, kjenslebevisstheit, sosial fungering og livskvalitet. 

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise.

Under

Musikkterapi blir utført av terapeutar med godkjent utdanning innanfor musikkterapi. Ein kvalifisert musikkterapeut møter deg ut frå dine eigne musikalske interesser og føresetnader, og bidrar til å skape trygge rammer i den musikalske samhandlinga. 

Musikkterapi er ein prosess der oppleving av meining og relasjon er viktig, mens musikalske ferdigheiter og det musikalske produktet kan ha mindre å seie. For nokon er likevel det å lære, øve og meistre ein del av terapien. Nokon vel å framføre eigen musikk, for musikkterapeuten, for ei gruppe eller for eit utvalt publikum. 

Musikkterapi blir tilboden over tid, individuelt eller i gruppe, og blir stundom supplert med musikalsk eigenaktivitet mellom terapitimane. Samarbeidet tar ofte utgangspunkt i ein periode med utprøving der du får erfaring med ulike arbeidsmåtar som lytting, samspel, song, songskriving, innspeling, improvisasjon og samtale. 

Timane blir vanlegvis gjennomførte med éin eller fleire timar i veka, og har vanlegvis best effekt når forløpet varer over tid, ofte rundt 20 timar eller meir. Individuelle timar varer gjerne 45–60 minutt, mens gruppetimar kan variere i lengde frå 45–90 minutt, avhengig av gruppa. 

Undervegs vil du kunne merke endringar i sjølvbilde og kjenslebevisstheit, noko som gjerne blir opplevd som positivt, men som i periodar også kan vere krevjande og vanskeleg. I nokre fasar av ein musikkterapi kan musikken for eksempel opplevast som kaotisk eller vekke vanskelege kjensler. Det er viktig at du deler erfaringane med musikkterapeuten og får nødvendig støtte og hjelp undervegs. Det inngår i utdanninga og kompetansen til musikkterapeuten å vere klar over slike vanskelege opplevingar og situasjonar.  

I musikkterapi kan du ofte tidleg, nokre gonger i første time, merke at det musikalske samværet verkar inn på opplevinga di av motivasjon og meining. Å bli trygg i det mellommenneskelege og musikalske samspelet kan likevel ta tid, der du ofte kan merke endringar etter nokre timar, mens god effekt av musikkterapi gjerne krev eit litt lengre forløp. 

Etter

Musikkterapi kan følgast opp etter behandlinga, slik at musikk kan bli ein ressurs heime i kvardagen, med deltaking kor, band, musikkafé eller annan bruk av musikk i dagleglivet. 

Sist faglig oppdatert 16.03.2026