Behandling
Mentaliseringsbasert terapi (MBT) - Psykisk helsevern
Mentaliseringsbasert terapi (MBT) går ut på å lære seg å mentalisere betre, det vil seie å auke forståinga for eigne og andre sine tankar og følelser, betre regulere eigne følelser, betre forstå kva som skjer i forhold mellom menneske og kunne få det betre i nære forhold og i samarbeid med andre.
Før
MBT informasjons- og vurderingsamtale
Før behandling med mentaliseringsbasert terapi skal du til vurderings- og kartleggingssamtale. Der blir gjort ei vurdering av om denne behandlinga er rett for deg. Tema som blir tatt opp i samtalen er mellom korleis dine vanskar opptrer, motivasjon praktiske hindringar for å møte opp og kva for symptom du har. Du må rekne med ventetid på oppstart i avklaringsfasen.
MBT avklaringsfase
Når det nærmar seg oppstart i kombinasjonsterapien vil du møte i 1-5 individuelle samtalar kor dine og våre forventingar og mål med behandlinga blir klargjort og vi foretar ei ny vurdering av om denne behandlinga er egna for deg. Dersom MBT blir vurdert som rett for deg utarbeder vi ein behandlingsplan saman med deg. Individuell plan og/eller kriseplan blir utarbeidd ved behov.
Under
MBT kombinasjonsterapi
Behandlinga er såkalla kombinasjonsterapi. Det betyr at den består av samtaleterapi både i gruppe og individuelt.
- Gruppeterapien går føre seg kvar veke og varer i 1,5 timar.
- Den individuelle terapien går føre seg kvar veke det første året, og blir deretter gradvis redusert til annakvar veke, og deretter sjeldnare mot slutten.
Dersom det er behov for det samarbeider vi med kommune, NAV eller andre aktuelle aktørar.
Det er plass til totalt 8 personar i behandlingstilbodet.
Vanleg behandlingstid er 18 månadar.
MBT psykoedukativ gruppe
Med jamne mellomrom blir det halde undervisning om det å leve med ei personlegheitsforstyrring. Vi går mellom anna gjennom følelser og følelsesregulering, mentalisering og mentaliseringssvikt og kva tilknyting betyr. Det er lagt opp til aktiv deltaking frå pasientane.
Gruppa går over 11 gongar ein gang årleg. Deltaking skjer enten parallelt med kombinasjonsterapien eller i forkant av oppstart.
Etter
For deg som deltek i MBT kombinasjonsbehandlinga møtast du og terapeutar til ein avsluttande samtale.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss