Innlegging til døgnbehandling skjer på tre måtar, som planlagt innlegging, øyeblikkeleg hjelp, eller under tvang.
Planlagt innlegging
Fastlegen eller poliklinikken søker om innlegging på vegne av deg. Du vil bli kalla inn til eit formøte med behandlar. Saman går de gjennom kva slags behandling som er best for deg. Du vil også få praktisk informasjon som du treng for å forberede deg til opphaldet.
Øyeblikkeleg hjelp
Ved alvorlege symptom som kjem plutseleg, kan det vere aktuelt med akutt innlegging. Det er fastlegen, legevakt eller poliklinisk behandlar som vurderer om det er behov for innlegging. Den endelege avgjerda skjer på sjukehuset. Akutte innleggingar kan skje heile døgnet.
Tvang
Ved alvorlege lidingar kan du bli innlagt ved ei døgnavdeling i psykisk helsevern mot eigen vilje (tvungent psykisk helsevern). Tvungent psykisk helsevern er regulert gjennom Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven).
Loven seier blant anna at tvang berre skal bli brukt når frivillig psykisk helsevern har blitt forsøkt, utan at dette har ført fram, eller det er openbart formålslaust å forsøke dette.