Behandling
Brukerstyrt plass
Brukarstyrt plass innan psykisk helsevern betyr at innlegging i døgneining skjer på initiativ frå pasienten sjølv, som del av ei pågåande behandling i spesialisthelsetenesta.Introduksjon
Du har mest erfaring med eiga liding og eigne behov, og eit opphald på brukarstyrt plass kan bidra til raskare betring. Å komme raskt og enkelt i kontakt med hjelpeapparatet kan bidra til å redusere forverring av symptom ved psykiske lidingar.
Tilvising og vurdering
Pasientar blir tilvist til psykisk helsevern av fastlegen sin eller annan relevant instans. Det er behandlande sjukehus som avgjer om tilstanden til pasienten kan eigne seg for behandling i brukarstyrt plass.
Før
Under
Når du er innlagt vil du få støtte og struktur i kvardagslege gjeremål og korleis du fungerer er sentralt. Under opphaldet vil du bli ein del av det fellesskapet som er sett saman av andre innlagte pasientar og personalet.
Etter
Etter utskriving frå brukarstyrt plass, fortset behandling og oppfølging som før innlegginga.