For å få avklart diagnosen og vurdert kva behandling som passar for deg skal du på samtale på sjukehuset. Vi snakkar med deg om korleis du opplever eigne problem, og kan bruke eit intervjuskjema som hjelpemiddel i samtalen. Andre tema for samtalen kan vere oppveksten din, tidlegare sjukdomserfaringar, eventuell bruk av rusmiddel, aktivitet og arbeidsliv. Dersom du har barn snakkar vi om det, og vi kan også ha ein samtale med barna dine om det er behov for det.
Utgreiinga kan bestå av frå 1-5 konsultasjonar.
Vurderinga blir gjord ut frå opplysningar som kjem fram i samtale med deg, opplysningar frå tilvisaren og pårørande, og observasjonane til spesialisten. Utgreiinga blir avslutta med ein eventuell diagnose, og informasjon om moglegheiter for behandling.