Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strategiplan 2026 - 2029

Strategiplanen for Voss DPS 2026–2029 skal leggje retning for utviklinga av tenestene våre i åra framover. Planen byggjer på innspel frå tilsette, leiarar og samarbeidspartnarar, og tek utgangspunkt i både nasjonale føringar og lokale behov. Målet er å sikre trygge, heilskaplege og framtidsretta tenester gjennom styrkt samhandling, målretta kompetanseutvikling og berekraftig drift.

Voss DPS NKS Bjørkeli oversiktsbilete

Foto: S. Kvarme

Rekruttering og kompetanse - smart bruk av vår kompetanse 

Vi skal vere ein attraktiv arbeidsplass med sterke fagmiljø og stabil bemanning. Voss DPS skal rekruttere, utvikle og halde på kompetente medarbeidarar, og sikre at kompetansen blir brukt målretta og til beste for pasientane. 

Kompetanseutviklinga skal vere evidensbasert og retta mot behova i vårt opptaksområde. Dette inneber å leggje til rette for fagleg utvikling, samarbeid med utdanningsinstitusjonar og deltaking i forsking og fagutvikling. Gjennom god oppgåvedeling og bruk av teknologi skal vi nytte ressursane betre og frigjere tid til pasientretta arbeid. 

Sterkare samhandling - ein felles kultur 

Vi skal vere ein open, påliteleg og løysingsorientert samarbeidspartnar for pasientar, kommunar, andre DPS og lokalsjukehuset. God samhandling er ein føresetnad for trygge og samanhengande pasientforløp. 

Voss DPS skal bidra til gode overgangar mellom nivå i helsetenesta, dele kompetanse og vere tilgjengeleg for rettleiing og støtte. Vi skal vidareutvikle samhandlingsarenaer og styrkje samarbeidet med våre partnarar. Samtidig skal vi utvikle betre metodar for systematisk innhenting av pasienttilbakemeldingar, slik at pasientane sine erfaringar i større grad blir nytta til å forbetre tenestene. 

Heilskapleg behandling - Fysisk og psykisk helsefremjing 

Vi skal styrkje arbeidet med førebygging og helsefremjande tiltak for pasientar med psykiske lidingar og/eller rusproblem. Voss DPS skal bidra til betre livskvalitet, auka meistring og redusert somatisk sjukdomsbelastning. 

Fysisk aktivitet og systematisk oppfølging av somatisk helse skal vere ein integrert del av behandlingstilbodet. Dette inneber å utvikle kompetanse blant tilsette, vidareutvikle behandlingstilbod som inkluderer fysisk aktivitet, og sikre gode rutinar for kartlegging og oppfølging av somatisk helse. Gjennom samarbeid med kommunale tenester skal vi bidra til at tiltaka kan følgjast opp vidare etter behandling. 

Berekraftig utvikling 

Vi skal drive ei berekraftig og framtidsretta verksemd, forankra i Miljøfyrtårn-sertifiseringa og vårt samfunnsoppdrag. 

Gjennom pasientbehandling, utdanning, forsking og opplæring av pasientar og pårørande bidreg vi til fleire av FNs berekraftsmål. Vi skal arbeide systematisk med miljø, arbeidsmiljø og ressursbruk, og leggje til rette for kontinuerleg forbetring i tenestene våre. 

Kunnskapsbasert utvikling og læring 

Vi skal utvikle tenestene våre i tråd med kunnskapsbasert praksis og nasjonale føringar. Deltaking i forsking og fagutvikling skal bidra til kvalitet, fagleg oppdatering og utvikling av behandlingstilbodet. 

Voss DPS skal leggje til rette for samarbeid med relevante fagmiljø og støtte tilsette som ønskjer å engasjere seg i forsking og fagutvikling. Vi skal vere ein lærande organisasjon som nyttar erfaringar frå pasientar, tilsette og samarbeidspartnarar til kontinuerleg utvikling. 

Les heile vår strategiplan

Strategi 2026-2029.pdf

 

Sist oppdatert 25.03.2026