Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rett til val av behandlingstad

Skal du til undersøking eller behandling ved eit sjukehus? Du kan sjølv velja behandlingsstad. Før du bestemmer seg er det viktig at du har god informasjon om kva alternativ du har. Bruk informasjonstenesta vel behandlingsstad og pasientrådgivarane våre som støtte i valet.

Nettsida vel behandlingsstad 

Nettsida vel behandlingsstad har blant anna informasjon om ventetid og talet på utførte behandlingar ved kvar behandlingsstad. På nettsida finst også informasjon om rettar, oppdatert kunnskap om sjukdommar og behandlingar og lenkar til nasjonale kvalitetsindikatorar. 

Vel behandlingsstad (helsenoreg.no)​

Pasientrådgivere 

Pasientrådgivere er sjukepleiarar med erfaring frå spesialisthelsetenesta. På telefon kan du få individuelle råd om val av behandlingsstad og om rettane dine. Pasientrådgivarane har teieplikt. Du når den lokale pasientrådgivaren din på telefon  24 24 05 00

Ansvaret til fastlegen 

Fastlegen er den viktigaste rådgivaren til pasienten ved val av behandlingsstad. Som visande lege bør du i samarbeid med pasienten undersøka ventetider ved ulike behandlingsstader. 


 Ansvaret til fastlegen (helsedirektoratet.no)​​

Sist oppdatert 30.01.2023