Om Voss DPS NKS Bjørkeli

Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Voss lokalsjukehusområde: Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. Vi gjer eit allmennpsykiatrisk behandlingtilbod til vaksne med psykiske lidingar, etter tilvising frå fastlege.

Bygg 1, 2 og 3

Voss DPS har ei døgnavdeling og tre poliklinikkar som er organisert under ei poliklinikkavdeling. Direktør ved Voss DPS er Vegard Stalheim Kolve.

Døgnavdelinga leias av avdelingsleiar, Anne Kari Gjeraker. Avdelinga har 12 senger og er tverrfaglig sammensatt av psykiater, lege i spesialisering (LIS), psykologspesialist, psykolog, sjukepleiarar og vernepleiarar med videreutdanning innen psykisk helsevern, hjelpepleiarar, aktivitørar, aktivitetsleiar og sosionom. Døgnavdelinge held til i 3. høgd i bygg 1.

Poliklinikkane leias av avdelingsleiar Anders Christensen. Allmennpsykiatrisk poliklinikk (tidligare VOP) har ca 10 behandlarårsverk; psykiatarar, LIS, psykologar og klinisk sosionom. Poliklinikken held til i 3. høgd i bygg 3.

Rehabiliteringspoliklinikken (tidligare PRT) har ca 8 behandlarårsverk; psykiatar, psykolog, vernepleiarar, ergoterapeut, sosionom, musikkterapeut, alle med vidareutdanning innen psykisk helsevern og/eller rus.

Gruppeteamet held til i bygg 3 og har ca 7 behandlarsårsverk; psykiatar, psykolog, sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut.

Administrasjonen held til i 1. høgd i bygg 1.

DPSets oppgåver er forankra i spesialisthelsetjenesteloven § 3-8:

  1. Pasientbehandling
  2. Utdanning av helsepersonell
  3. Forsking, og
  4. Opplæring av pasientar og pårørande

Sjå også "DPS-veiledar" (IS-1388) hjå helsedirektoratet sine nettsider her

Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er et privat ideelt aksjeselskap som ikkje tar utbytte. Vi får driftsmidler og oppdragsbestilling direkte fra Helse Vest RHF. Selskapet er 100% eid av NKS Vestland Sør.

Styreleiar i Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er Geir Lien. 

Sist oppdatert 08.10.2024