Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ledige stillingar

Voss DPS har driftsavtale («sjukehusavtale») med Helse Vest RHF og eigast av Sanitetskvinnene Vestland, Hordaland. Me er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsykehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord, ca 24.000 innbyggjarar over 18 år.

alt=""
Foto: J.Tøn

Voss DPS består av ei døgnavdeling med 12 senger og ein poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Me har ca 80 ansatte. Me er tverrfagleg samansatt med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, klinisk sosionom, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Me har tett samarbeid med Helse Bergen. Me har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.

Voss DPS ligg ein drøy time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Me har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboer.

Ledige stillingar

Voss DPS NKS Bjørkeli har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved døgnavdelinga. Døgnavdelinga har årsturnus, med langvakter i helger.

Oppstartsdato etter nærare avtale.

Om døgnavdelinga

Døgnavdelinga ligg i 3. etasje i bygg 1, Bjørkelivegen 27, og har plass til 12 pasientar, der éin plass er reservert for brukarstyrt innlegging.

Avdelinga har eit tverrfagleg behandlarteam beståande av:

  • Overlege/psykiater

  • Lege i spesialisering

  • Psykologspesialist

  • Psykolog

  • Sosionom

Miljøpersonalet består av:

  • Sjukepleiarar

  • Vernepleiarar

  • Hjelpepleiarar

  • Aktivitetsleiar

Fleirtalet av dei tilsette har vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, og fleire har også vidareutdanning i kognitiv terapi.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar

  • Fordel med vidareutdanning eller relevant erfaring

  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Vi vektlegg personlege eigenskapar.

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team.

  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel.

  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar.

  • Du er tolmodig, nysgjerrig og utholdande i krevjande og komplekse saker.

  • Du har auge for det beste for dei rundt deg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Løn etter avtale.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

  • Moderne lokale.

  • Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert).

  • Jamnlege sosiale arrangement.

  • Høgt fagleg nivå.

  • Fagleg og personleg utvikling.

 

Søknad og CV sendast per epost til: post@bjorkeli.no
Kontaktperson: Avdelingsleiar Anne-Kari Gjeraker, tlf. 56514000
Søknadsfrist: 11.11.2026
Sist oppdatert 14.10.2026