Vil du bli LIS 3 i psykiatri og jobbe i eit inspirerande miljø?
Vi har ledig 100% fast stilling ved Voss DPS NKS Bjørkeli for lege i spesialisering i voksenpsykiatri (LIS3).
Som LIS hjå oss får du god tid til pasientretta arbeid, og du inngår i eit utdanningsløp med rettleiing, undervisning, fordjupingstid og kurs som er i tråd med løpet for å bli spesialist i psykiatri.
Du kan ta fire år lokalt, og vi har avtale med Sandviken sjukehus om eitt års akutt-teneste. Dermed kan du få dekka alle kompetansemål hjå oss.
Arbeidstida som LIS er 08.00 til 15.30, og du inngår i ei vaktordning som for tida er sju-delt med heimevakt.
Du får halde deg oppdatert fagleg gjennom faste internundervisningar og felles kompetanseheving innan ulike tema. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med dyktige fagpersonar, og får delta i faste behandlarmøter og mindre team med god tid til å drøfte saker og problemstillingar. Vi har opne dører og tek godt imot nye tilsette hjå oss, og som eit mindre senter lærer me kvarandre å kjenna. Me har eit svært godt arbeidsmiljø og fagmiljø – den siste HMS-undersøkinga vår viste høgare tilfredsheit enn nokosinne! Alt frå faglitteratur til fjellsport blir diskutert over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre. Når vêret tillèt det nyt me gjerne lunsjen ute i sola!
Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.
Det er moglegheit for å få deler av reisetida inkludert i arbeidstida ved pendling og me har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!
Har du norsk autorisasjon som lege, ønsker å spesialisere deg innan psykiatri (eller ferdig med spesialisering) og trivst med ein sosial gjeng kan du vera akkurat den me ser etter.
-
Du styrer din eigen kvardag, så det er viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar.
-
For å trivast hjå oss er det viktig at du liker tverrfagleg arbeid.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt med oss.
Arbeidsoppgåver
-
Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar.
-
Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med fyrstelinja.
-
Dokumentere ihht. interne retningslinjer og krav.
-
Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
-
Rettleie fyrstelinja.
Kvalifikasjonar
-
Norsk autorisasjon som lege
-
ALIS, LIS 1 og cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS 1 er også velkomne til å søke
-
Interesse for faget
-
Relevant klinisk erfaring er ønskeleg
-
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
-
Gode samarbeidsevner
Me tilbyr
-
Stillingsbrøk 100%
-
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø
-
Kurs, rettleiing og vekstmoglegheiter
-
Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper
-
Moderne lokale
-
Løn etter avtale
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
-
Moglegheit for deler av reisetid i arbeidstid ved pendling
-
Dokumentasjon skjer på valfri målform (nynorsk/bokmål)
-
Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert)
Tiltredingsdato: etter avtale.
Søknad sendast: post@bjorkeli.no
Kontaktpersonar:
Direktør Vegard Kolve
Avdelingsleiar Anders Christensen
Telefon: 56514000