Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Klima, miljø og arbeidsmiljø

Voss DPS NKS Bjørkeli er forplikta til å arbeide systematisk for å redusere vår miljøpåverknad og forbetre arbeidsmiljøet. Her på denne sida finn du informasjon om vårt pågåande arbeid.

Resertifisering 2025 

Voss DPS blei i 2025 resertifisert som Miljøfyrtårn. Sertifiseringa stadfestar at vi oppfyller krava til systematisk miljøarbeid og berekraftig drift.

Miljøfyrtårnsertifiseringa er ikkje eit sluttmål, men ein del av eit langsiktig og kontinuerleg arbeid. Eit sterkt grønt fokus står sentralt både i dagleg drift og i strategiske avgjerder. Arbeidet omfattar fleire delmål innan følgande område:

  • Tenestereiser
  • Psykososialt arbeidsmiljø
  • Innkjøp
  • Avfall
  • Vass- og energiforbruk
  • Miljøbevisstheit blant medarbeidarar

Rapporter 2024 

Kvart år skal alle miljøfyrtårn-sertifiserte verksemder rapportere inn sine klima- og miljødata. Denne årlege rapporteringa gjev oss viktig innsikt i korleis vi arbeider – og kvar vi må bli betre. 

Innrapportering 2024 Voss DPS.pdf

Ansvarleg 

Rådgjevar Bjarne Haugse Nåmdal har ansvar for arbeidet med klima, miljø og arbeidsmiljø. Arbeidet er forankra i leiinga og vert følgt opp gjennom driftsgruppa. 

Kontakt og innspel 

Har du forbetringsforslag eller tips til korleis me kan bli betre på miljø og klima?

Ikkje nøl med å kontakta oss. 

E-post: bjarne.haugse.namdal@bjorkeli.no 

Telefon: 56514000 

Logo
Sist oppdatert 12.06.2025