Klageinstansar

Målsetjing; Å sikra at pasienten blir ivaretatt med omsyn til klagerett, kvalitet på behandlinga, rettsikkerheit, samt ved feilbehandling.

Kontrollkommisjonen behandlar klager på innlegging, bruk av tvang og liknande. Besøkjer institusjonen ca. annan kvar mnd. Den som fremjar sak for kontrollkommisjonen bør ha eigen advokat. Advokathjelp er gratis når det vert fremja sak om tvangsbruk. Institusjonen bistår med å skaffa advokat.

Leiar for Kontrollkommisjonen kan ein kontakta direkte eller pr. brev:

 
Advokat Arild Birkeland (leiar)
Hadlabrekko 94
5417 Stord
epost: arild.birkeland@responsa.no 
Tlf. 99272656

Statsforvaltaren behandlar klager på innhaldet i / kvaliteten av behandlinga. Statsforvaltaren ​​kan ein kontakta pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte.

På Statsforvaltaren.no finn du meir informasjon samt kontaktopplysningar​

Pasient- og brukarombudet skal vera pasienten sitt talerøyr og arbeida for pasientens rettssikkerheit. Dei gjev råd og veiledning dersom du har ei sak i høve til dei som er involvert i pasientbehandlinga. Pasient- og brukarombudet kan kontaktes pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte. 

På Pasient- og brukarombudet.no kan du lesa meir, samt finna kontaktinformasjon 

NPE er ein statleg etat underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter behandlingssvikt i helsetenesta. Saksbehandlingen er gratis.

På pasientskadeerstatning.no finn du meir informasjon om deira tenester, samt kontaktinformasjon

Sist oppdatert 13.01.2023