For samarbeidspartnarar
For Voss DPS NKS Bjørkeli er det viktig å ha gode relasjonar til våre samarbeidspartnarar. På denne sida vil du finna informasjon som kan vera relevant for samarbeidet med oss.

Enheter
- Allmennpsykiatrisk poliklinikkVoss DPS NKS Bjørkeli har to poliklinikkar: allmennpsykiatrisk poliklinikk med gruppeteam og rehabiliteringspoliklinikk. Gruppeteamet tilbyr også dagbehandling. Poliklinikkane består av overlege, LIS-lege, psykologspesialist, psykolog, klinisk sosionom og merkantilt personell.
- DøgnavdelingVoss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar i Voss sjukehusområde som består av kommunane Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. Døgnavdelinga ligg i 3 høgd i bygg 1, Bjørkelivegen 27 og har plass til 12 pasientar. Ein av desse plassane er reservert brukarstyrt plass. Behandlarteamet på døgn består av overlege/psykiater, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykolog og sosionom. Miljøpersonalet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og aktivitetsleiar. Dei fleste har vidareutdanning innanfor psykisk helse. I tillegg har fleire vidareutdanning i kognitiv terapi.
- RehabiliteringspoliklinikkenRehabiliteringspoliklinikken tilbyr eit tverrfagleg behandlingtilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og/eller samansette behov.
Sist oppdatert 03.02.2023