Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Videokonsultasjon med behandler via join.nhn.no

Det er mogleg å møte behandlararen din via video i staden for fysisk oppmøte.

Vi tilrår at du ser denne korte filmen om førebuingar til videokonsultasjonar:

 


Om du treng meir informasjon finn du dette under. Informasjonen gjeld i hovudsak pasientar, men er òg relevant for andre som skal delta i møte med sjukehus og pasient.

Informasjon om korleis du koplar deg opp og startar videokonsultasjonen vert sendt i innkallingsbrevet som du vil motta anten i innboksen din på Helsenorge eller i ein digital postkasse. I nokre tilfelle kan den òg verte sendt på SMS eller e-post. For at videokonsultasjonen skal verte bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å følgje instruksane du får frå sjukehuset og å lese informasjonen nedanfor nøye. 

Du styrer sjølv tilgangen til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at du har motteke innkalling med informasjon om oppkopling til video, må du ha samtykka til «full tilgang» i personverninnstillingane dine.
Sjekk følgjande dersom du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine under Profil og innstillingar.
  3. Trykk på «Personverninnstillingar». Om «Vel kva for nokre tenester du vil bruke» viser «Du har samtykka til Full», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre samtykke», og sett den til «Full».
Med «fullt samtykke» på Helsenorge, vil du få varsel på SMS/e-post om innkallingar som du finn under «Meldingar» og brevet ligg i Innboksen din. Innkallingar vil alltid ligge i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har gitt fullt samtykke.
Dersom du ikkje har tilgang til Helsenorge vil du motta påloggingsinformasjon i posten og kan delta via nett.


Før

Under

Etter

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad





En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss