Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykoedukasjon

Psykoedukasjon er ei behandlingsform der pasientar og deira pårørande får kunnskap og informasjon omkring ein spesifikk diagnose. Behandlinga skal gi realistiske forventningar til betring og prognose, informasjon og ei slags undervisning i den aktuelle lidinga.

Mål

Hensikt er at pasientar og deira pårørande skal få kunnskap om korleis dei kan meistre sjukdommen på best mogleg måte i kvardagen. Dei lærer blant anna korleis dei kan kjenne igjen symptom på lidinga, slik at eventuelle tilbakefall kan førebyggast.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men det finst også andre helsepersonell som kan tilvise. 

Når vi får ei tilvising vil vi på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren til Helsedirektoratet "Psykisk helsevern for voksne" vurdere om du har krav på behandling hos oss.

Før

Behandlinga krev inga førebuing.

Under

Det er viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp. Behandlinga inngår som ein del av eit behandlingsforløp.

Etter

Bruk det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av behandlinga.

Sist faglig oppdatert 20.07.2023

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Etter avtale med avdelingen.

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30