Diagnose

Psykiske lidingar hjå vaksne - pakkeforløp

Nasjonale pasienttforløp for psykiske lidingar hos vaksne skal bidra til at du får tilpassa og heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig. Vi legg til rette for at du skal få vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.

Kva er nasjonale pasientforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

Viss du har eitt eller flere teikn på alvorlege psykiske lidingar, kan du bli tilvist til pasientforløp for psykiske lidingar hos vaksne. Forløpet startar når du blir tilvist. Du kan og bør sjølv vere med på å utarbeide tilvisinga di, og spesifisere kva du ønskjer hjelp til.

For å sikre at du får tilpassa oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet.

Slik er rekkefølga i pasientforløpet: 

Tidslinke

Tilvising>Vurdering av rett til helsehjelp>Første samtale>Utgreiing>Behandling>Evaluering>Avslutning>Vidare oppfølging i kommune

Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist til eit nasjonalt pasientforløp når du har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.

Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pasientforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pasientforløp for tvangsliding (OCD). Tilvisinga blir vurdert, og du vert eventuelt tilvist vidare til næraste OCD-team.

I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.

Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.

Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pasientforløpet.

Tilvisande instans bør gjennomføre ei kartlegging som inkluderer punkta i sjekklista nedanfor før dei sender tilvisinga. Pasienten bør få kopi av tilvisnga.       

Aktuell problemstilling

  • Pasienten si oppleving av eigen situasjon og ønske om hjelp
  • Moglege utløysande årsaker til problema, som for eksempel belastande livshendingar
  • Tidlegare behandlingserfaring og effekt av dette
  • Symptomutvikling og funksjonsnivå
  • Iverksett behandling og effekt av denne
  • Pasienten sine ressursar
  • Rusmiddelbruk
  • Psykiatrisk status inkludert risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord 
  • Somatisk status
  • Tilleggsundersøkingar med eventuelle funn

Familie/sosialt

  • Familiesituasjon
  • Barn som pårørande eller mindreårige søsken
  • Arbeid/skule
  • Tolkebehov og kva språk det gjeld

Tidlegare sjukdommar

  • Tidlegare psykiske problem eller lidingar
  • Tidlegare og noverande somatiske sjukdommar av betyding

Forventa utgreiing/behandling 

  • Begrunning for tilvisinga og forventa nytte av utgreiing/behandling

Relatert helsepersonell 

  • Noverande tilbod frå andre behandlingsstader

Legemiddel

  • Legemiddel i bruk (LIB), og relevante tidlegare legemiddelbruk

Kritisk informasjon som allergi og eventuell smitterisiko

Utredning

Hensikta med den første samtalen er å etablere ei trygg ramme og å ta opp aktuelle problem. Din behandlar ønskjer å finne ut korleis du har det, kva du har behov for av hjelp og eventuelt kva hjelp du ønskjer. All informasjon skal vere forståeleg, og du og din behandlar finn ut om det er behov for vidare kartlegging og behandling. 

Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtalar, strukturerte intervju og spørreskjema. Hensikta er å saman avklare kva som er hovudutfordringane dine, kva behov du har for eventuell vidare oppfølging, og å utarbeide ein plan for vidare behandling. Ein slik plan kallar vi ein behandlingsplan. Du får ein kopi av behandlingsplanen din.

Behandling

Når du startar behandlinga er det viktig at du og behandlaren din blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Du får informasjon om behandlingsalternativa vi kan tilby. Du og behandlaren din skal drøfte varigheita på behandlinga, og kva dokker skal gjere for å nå måla. 

Behandlinga varierer ut frå tilstanden din og alvorlegheitsgrad av problema. Vi tilpassar behandlinga til dine ønske og behov. Du må vere aktiv i di eiga behandling. Psykisk helsehjelp skal vere i tråd med anbefalt god praksis.

Du får eit spørreskjema for å kunne gi tilbakemelding på korleis du opplever behandlingseffekten, og relasjonen til behandlaren din. Dokker vil saman vurdere effekt av behandlinga fortløpande, og tilbakemeldingane dine er viktige.

Dersom du samtidig har oppfølging i kommunen eller NAV, kan det også verte ein del av behandlingsplanen din. Behandlaren din i spesialisthelsetenesta vil då samarbeide med dei kommunale tenestene, og det vil vere oppfølgingsmøte undervegs i behandlinga.

Oppfølging

Planlagt avslutning av pasientforløpet skjer etter ein gjensidig avtale mellom deg og behandlaren din. Dokker skal då saman evaluere behandlinga. 

Dersom det er behov for vidare oppfølging av annan instans, bør vi ha på plass ein konkret, skriftleg plan for oppfølging. Denne må gjerne vere ein del av individuell plan (IP).

Koordinator eller behandlar i kommunen har ein koordinerande og sentral rolle etter at du har avslutta behandlinga i spesialisthelsetenesta. Tilrettelegging og samarbeid i samband med utskriving må sjåast i samband med Forskrift om utskrivningsklare pasienter (lovdata.no).

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Artiklar