Behandling
Pegasus - gruppebehandling
Gruppebehandling har dokumentert god effekt på ei rekkje psykiske lidingar. Under leiing av éin eller fleire gruppeterapeutar møtest deltakarane jamleg for å jobbe mot mål som er viktige for dei.
Det finst både langtids- og korttidsgrupper med ulike metodar for tilnærmingar til behandlinga. Gruppeterapi kan vere den sentrale behandlingsforma, som ved behov kan kombinerast med andre former for behandling.
Nokre grupper er retta mot å gi kunnskap om meistring av ulike former for psykiske lidingar, til dømes depresjon, ulike angstlidingar og bipolar liding (meistringsgrupper). Andre grupper legg meir vekt på samspelet mellom gruppedeltakarane og prosessen som skjer i gruppa over tid (psykoterapeutiske grupper).
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising frå fastlege eller anna helsepersonell. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren Psykisk helsevern for vaksne avgjere om du har krav på behandling.
Før du eventuelt startar i gruppebehandling er det vanleg å komme til samtale med gruppeleiaren i forkant. Her får du vite meir om gruppa du er søkt inn til, og behandlaren får vite meir om deg og behova dine. Saman finn de ut om denne gruppebehandlinga er eigna for deg i din situasjon no.
Om Pegasus gruppebehandling
Pegasus er eit psykoedukativt gruppebasert program for vaksne med ADHD og deira nærmaste pårørande.
Pegasus er utvikla for å møte behovet for informasjon, erfaringsutveksling og opplæring om funksjonsnedsettelsen, ADHD.
Pegasus utgjer eit godt fyrste steg i behandling etter diagnostisering, og fylgjer nasjonal fagleg retningslinje.
Vi tilbyr gruppebehandling med inntil 15 pasientar + pårørande, med to kurs i året.
Pegasus består av åtte forelesningar på 2,5 timar per leksjon. Programmet skal gje ei generell kunnskap om ADHD og utfordringar knytt til diagnosen, samt informasjon om tilgjengeleg behandling og ulike offentlege støtteordningar.
Gruppeformatet gjer også moglegheit for erfaringsutbytte med andre i liknande situasjonar og tips til strategiar for betre meistring i kvardagen.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss