Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinfri behandling

Medisinfri eller medikamentfri behandling er eit tilbod for pasientar over 18 år i psykisk helsevern som tradisjonelt har blitt behandla med medikament. Tilbodet inkluderer pasientar med psykoselidingar som ikkje ønsker å ta medikament.

Mål med behandlinga

Målet med medikamentfri behandling er at du skal få hjelp for dei psykiske plagene dine og til å fungere i kvardagen din. Behandlingstilbodet blir lagt opp i samarbeid med deg. Gjennom behandlinga skal du få hjelp til å nå eigne mål, ha god kunnskap om eiga psykisk liding, og oppleve kontroll og meistring av livet ditt.

Du er sjølv med på å avgjere om du skal nytte medikament eller ikkje, som ein del av behandlinga di. Helsepersonellet du møter skal sikre at du har informasjonen du treng for å kunne ta val som påverkar behandlinga di.

Nedtrapping av medikament

Medikamentfri behandlingstilbod kan også vere for deg som bruker medikament og som ønsker å prøve behandling utan. Du skal da kunne få ei forsvarleg nedtrapping av medikamenta samtidig som du får andre behandlingstilbod.

Hugs at slik nedtrapping alltid skal skje i samråd med lege. Dersom du sluttar å ta medikament brått og utan støtte, kan det gi alvorlege og uheldige verknader.

Tilvising og vurdering

Fastlegen og behandlarar i spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.

Tilvising skal innehalde opplysningar om motivasjon for tilbodet, i tillegg til ei god utgreiing som inkluderer aktuell og tidlegare symptomatologi og behandling, diagnostiske vurderingar, livshistorie/anamnese, personlegdomsutgreiing, somatiske helseutfordringar, suicidalvurdering, aktuelt og tidlegare forhold til rus/avhengnad, psykometri (helst MINI, SCID-2) og aktuell medisinering.

Utgreiing og vurdering

Fastlegen og behandlarar i spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.

Du vil bli innkalla til samtale for å kartlegge tilstanden din og behova dine. Vi vil saman vurdere om eit medikamentfritt tilbod er forsvarleg for deg, slik at den psykiske lidinga og plagene dine ikkje blir forverra når du tar imot tilbodet. Du får også meir informasjon om behandlingstilbodet. Vi vil snakke med deg om motivasjon og mål for behandlinga, kartlegge psykiske plager, fysisk helse og legge opp til eit godt samarbeid med familie og lokale hjelpeinstansar.

Dersom du som pasient skal lykkast med eit medikamentfritt behandlingstilbod er det viktig at du er motivert og klar for å jobbe aktivt med din psykiske liding og problem i kvardagen din.

Eit nært samarbeid

Eit medikamentfritt behandlingstilbod bygger ofte på prinsippet om «recovery», eller «tilfriskning» på norsk. Alle skal kunne leve eit tilfredsstillande liv. Ein person med ei alvorleg psykisk liding skal kunne ha ein god og meiningsfull kvardag.

Du og behandlar skal jobbe som likeverdige partnarar for å nå mål som er viktige for deg. Du er ekspert på deg sjølv og livet ditt, og behandlaren er ekspert på faget sitt. Erfaringane og synspunkta dine er viktige, og dei skal takast omsyn til. Samarbeidet blir basert på openheit og tillit. Målet er at du får kunnskapar, ferdigheiter og støtte som gir deg høve til å ta ansvar for eigne val og ta kontroll over ditt eige liv.

Vidare oppfølging

Etter avslutta medikamentfri behandling skjer vidare oppfølging enten hos fastlege og kommunen eller i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Dei fleste personar skal under og ved avslutta behandling ha fått utarbeidd ein eigen plan for å førebygge og meistrar tilbakefall.

Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordne tenester som du skal ha.

Les meir om Individuell plan på helsenorge.no  

 

Denne planen inneheld ei beskriving av tiltak og tenester du har behov for av ulike instansar, rutinar og tidspunkt for evaluering, kven som er ansvarleg for dei ulike tilboda, og kven som eventuelt skal vere koordinatoren din.

Kriseplan

Du kan også avtale ein kriseplan om nyttige tiltak i kritiske fasar, med ei beskriving av varselsignal, strakstiltak og kven som bør kontaktast.

Ein kriseplan skal hjelpe deg å:

  • oppdage tidlege teikn på forandring
  • planlegge korleis du kan stoppe ei negativ utvikling
  • fortelje deg korleis du på best mogleg måte kan søke hjelp

Planen skal vere skriftleg og blir utarbeidd i samarbeid med hjelpeapparatet og dine næraste. Hjelpeapparatet forpliktar seg til å følge denne planen.

Eksempel på kriseplan frå Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (PDF)

Sist faglig oppdatert 13.10.2025

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Etter avtale med avdelingen.

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30