Kroppslig (somatisk) behandling ved psykiske lidelser

Personar med alvorlege psykiske lidingar har ei overhyppigheit av overvekt, hjarte- og karsjukdommar, type 2-diabetes og lågare gjennomsnittleg levealder samanlikna med normalbefolkninga. Desse risikofaktorane blir forsterka av at mange av pasientane også har eit mindre sunt kosthald, røykjer og driv lite fysisk aktivitet.

Før

Vi kartlegg den somatiske helsetilstanden hos pasientar med psykiske lidingar. Oppfølginga av somatisk helse skjer som oftast hos fastlegen / i samarbeid med fastlegen. Fastlegen er sentral i det førebyggjande helsearbeidet med rådgiving om kosthald, mosjon og røykjeslutt.

Under

Informasjon til pasient og pårørande

  • Vi gir systematisk og målretta informasjon om den auka risikoen for livsstilsjukdommar, og at dette kan førebyggjast med røykjeslutt, sunnare kosthald og meir mosjon.

Hjelp til røykjeslutt

  • Vi oppmuntrar til å redusere og slutte med nikotin
  • Vi motiverer til røykjeavvenningskurs
  • Vi samarbeider med andre aktørar som tilbyr hjelp til røykjeavvenning

Kosthaldsrettleiing

  • Vi motiverer til sunne kostvanar og ernæring
  • Vi samarbeider med andre aktørar som tilbyr kosthaldsrettleiing

Fysisk aktivitet og trening

Fysisk aktivitet reduserer risikoen for livsstilsrelaterte sjukdommar og inngår som ein del av den heilskaplege behandlinga av psykoselidingar.

  • Vi informerer om betydninga av fysisk aktivitet og motiverer for aktivitet og trening. Det blir sett av tid til å kartleggje tilbod og aktivitetar i nærmiljøet.

Etter

Behandling av somatisk/kroppsleg helse er ein del av eit behandlingsforløp, og krev inga spesiell etterbehandling.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad


Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss