Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kroppslig (somatisk) behandling ved psykiske lidelser

Personar med alvorlege psykiske lidingar har auka førekomst av kroppsleg sjukdom. Eksempel er hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdom, kreft og diabetes. Det er viktig at psykiske lidingar ikkje tar merksemda bort frå å oppdage og behandle slike sjukdommar. Det same gjeld tiltak for å førebygge sjukdom.

Pasientar med alvorlege psykiske lidingar har mange risikofaktorar for å få kroppsleg sjukdom. Mange lever isolerte og tilbaketrekte med lite fysisk aktivitet, nokon har problem med overvekt og usunt kosthald, og ein stor del røyker eller bruker andre rusmiddel. Også biverknader av den medikamentelle behandlinga av psykiske lidingar kan spele inn.

Samtidig blir symptom på fysisk sjukdom dessverre ofte undervurderte eller oversette hos pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddellidingar. Det kan føre til mangelfull helsehjelp.

Utgreiing og kartlegging

Under

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad


Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss