Behandling
Kognitiv terapi hos voksne
Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelsar og handlingar påverkar kvarandre. I denne behandlingsmetoden ser du og terapeuten nærare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenke om problemet på og korleis møte det. Forsking har dokumentert at kognitiv terapi har hjelpt mange til å få kontroll over problema sine.Introduksjon
Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der vi legg vekt på å jobbe med tankane dine, derav nemninga kognisjon, som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og vi forsøker å få deg til å sjå samanhengen mellom tankar, følelsar og handling. Forståing for korleis du tenker omkring og førestiller deg ei hending, blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan utløyse vonde følelsar, som igjen kan påverke handlinga på ein negativ måte.
Å oppleve ein situasjon der noko gjekk galt, blir hos mange forklart med tanken om at «Eg er dum». Det blir også kalla negativ sjølvattribusjon, og i kognitiv terapi vil du prøve å finne alternative tankar som kan erstatte dei negative. Slik kan du få hjelp til å handle meir konstruktivt for deg sjølv. Det handlar om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenke, føle og handle på, ettersom vi saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at du tenker slik du gjer.
Det er ulike kognitive metodar som har tilhøyrsle innan denne tilnærminga; kognitiv åtferdsterapi, metakognitiv terapi, ACT (accept and commitment therapy) og eksponeringsterapi.
Før
Før behandlinga kan det vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker med behandlinga, og kva målet ditt er. Om du klarer å gjere nokre små endringar i positiv retning i ventetida, er det verdifullt. Det kan for eksempel dreie seg om å starte med forsiktig fysisk aktivitet eller noko anna behandlaren din anbefaler.
Under
Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og du må saman med behandlar bli einig om måla for behandlinga di.
I kognitiv terapi er det veldig vanleg å få heimeoppgåver mellom behandlingstimane. Arbeidstimane dine mellom behandlingstimane blir sett på som ein viktig faktor av mange for betring. Psykoedukasjon og innsikt i korleis plagene dine heng saman, er også eit viktig element som gjer det lettare å kunne endre tanke- og åtferdsmønsteret ditt.
Psykoedukasjon vil vere ein naturleg del av behandlinga av ulike diagnosar.
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært gjennom behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil vere eit tema mot slutten av behandlinga.