Behandling
Individuell jobbstøtte (IPS)
IPS (Individual Placement and Support), eller individuell jobbstøtte på norsk, er ei kunnskapsbasert tilnærming til arbeidsrehabilitering for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Tilnærminga er systematisk og integrert med behandlingstilbodet som blir gitt frå helsetenesta. Målsetninga er å finne vanleg lønna arbeid. Dei som mottar IPS, blir vidare i teksten omtala som jobbsøkar.Introduksjon
IPS bygger på åtte grunnleggande prinsipp:
- Målet er ordinært, lønna arbeid.
- Deltaking på bakgrunn av ønsket til jobbsøkar.
- Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga.
- Jobbsøk skjer ut frå interesser og ferdigheiter.
- Individuelt tilpassa rådgiving om økonomiske ytingar.
- Aktivt jobbsøk startar med ein gong og seinast etter ein månad.
- Systematisk jobbutvikling.
- Oppfølging er uavgrensa i tid og individuelt tilpassa jobbsøkar.
Før
For å få tilbod om IPS må du ha eit ønske om å komme i lønna arbeid, og du må vere i behandling for ei psykisk liding eller rus-/og avhengnadsproblematikk ved sjukehuset.
Under
Ved oppstart av behandling blir alle pasientar spurt om nåverande status for jobb eller utdanning, og om eventuelle ønske om bistand til det. Dersom individuell jobbstøtte er ein del av den behandlinga du ønsker, vil du bli sett i kontakt med ein jobbspesialist. Saman jobbar de med eksempelvis:
- Ein-til-ein kontakt for å tilpasse til behovet ditt
- Vektlegging av ønska dine når det gjeld arbeid
- Bistand til å utforme CV, søknadsbrev, trene på intervjusituasjonar og så vidare
- Bistand til å finne eigna jobbar og oppsøke arbeidsgivarar, om dette er ønskeleg
- Skape godt samarbeid med NAV
- Jobbe med ein handlingsplan for å finne jobb
- Openheit og ærlegdom når vi jobbar med tema knytt til jobb
Varigheit av behandling
I denne behandlinga blir det jobba direkte ut mot ordinært arbeid, så snart dette er ønskeleg. Samarbeidet med ein jobbspesialist kan vare like lenge som du har oppfølging frå behandlaren din.
g_e7f1841b_88a5_4b91_91bf_70632b1b58c8
Etter
Oppfølging frå jobbspesialist skal bli tilpassa behovet ditt og vere integrert i behandlingsplan. Oppfølginga etter utskriving blir avtala mellom deg og jobbspesialist, behandlar, arbeidsgivar og NAV.
Dersom dette høyrest interessant ut for deg, ta kontakt med behandlaren din for meir informasjon. Du kan også sjå nettsidene til NAPHA for meir informasjon.