Behandling

Gruppeterapi - psykisk helsevern

Gruppeterapi er ei behandlingsform som har dokumentert god effekt på ei rekke psykiske lidingar. Under leiing av ein eller fleire gruppeterapeutar møter deltakarane kvarandre jamleg for å jobbe mot spesifikke mål.

Introduksjon

Det finst både langtids- og korttidsgrupper med ulike metoder for tilnærmingar og fokus på behandliga. Gruppeterapi kan vere den primære behandlingsforma, men kan òg førekomme i kombinasjon med andre former for behandling. Gruppeterapi blir brukt over store delar av den vestlege verda og har vore ein fast del av psykiatrisk behandling i over 50 år.

Kvifor gruppeterapi?

Gjennom oppveksten dannar du mønster for korleis du opplever deg sjølv og andre. Av og til kan desse mønstera vere lite nyttige og gi deg vanskar i relasjonar med andre. Gjennom gruppeterapi kan du gjere deg kjent med desse mønstera og få ein moglegheit til å jobbe med å endre desse. Du kan òg få moglegheit til å møte andre som har liknande problem, og dermed ikkje føle deg så aleine.

Dei fleste som deltar i gruppeterapi, opplever at det dei sjølv strever med, er det òg andre som strever med, og at det er godt å uttrykke vanskelege tankar og følelsar i ei trygg ramme. 

Tema som kan eigne seg for gruppeterapi 

  • Relasjonelle problem
  • Problem knytt til intimitet og nærleik
  • Sjølvkjensleproblematikk
  • Nedsett stemningsleie
  • Sosial tilbaketrekking, sosiale hemningar og isolasjon
  • Kommunikasjonsproblem
  • Frykt for sjølvhevding eller overdriven sjølvhevding
  • Problem med å dele med andre
  • Problem med å ta imot og akseptere kritikk og ros

Kva er det som verkar i gruppeterapi?

  • Å få støtte, aksept og forståing
  • Å ikkje føle seg så aleine
  • Å tore å seie ting til andre
  • møte med andre blir ein betre kjent med seg sjølv
  • møte med andre kan ein få håp og inspirasjon 
  • Grupper handlar om tilhøyrsle, deltaking, det å bli akseptert og venta, det å bli sett

Korleis får du best utbytte av gruppeterapi?

At du kan forplikte deg til å møte til gruppesamlingane, og at du møter sjølv om du er i dårleg psykisk form. Det krevst noko ulik involvering i dei forskjellige gruppene. I gruppepsykoterapi kan det bli lagt til rette for at deltakarane opent og ærleg deler eigne erfaringar. Dette kan bli lagt mindre vekt på i ei korttidsgruppe eller pedagogisk gruppe der du lærer om sjukdommen din.

Kvar enkelt gruppe har eller lagar seg eit sett med gruppereglar. Her blir det blant anna lagt vekt på kva som skal til for at gruppa skal vere ein trygg stad for å utforske seg sjølv og kvarandre.

Tilbakemeldingar frå gruppedeltakarar som har deltatt i gruppe:
- Tenk at det er så mange andre som har det slik som meg!
- Det positive har vore å møte flotte menneske med mykje humor og varme.
- Å bli sett og høyrt med forståing, tolmod og respekt uansett «kvar ein er» med sine tankar og følelsar.
- Eg har blitt meir bevisst mine eigne reaksjonar, både gjennom tilbakemeldingar og historiene til andre.
- Gruppe har vore den mest verksame behandlingsforma for meg!
- Å møte menneske som har erfaring frå livet, som tar både sine eigne og andre sine tilstandar på alvor, har vore viktig for meg.
- Å oppleve at menneske i så ulike livssituasjonar og livsfasar kan ha så like problem.
- Fast haldepunkt i kvardagen der ein veit ein kan ta opp vanskelege ting.
- Det har vore både utviklande og krevjande å gå i gruppe.
- Det har vore godt å føle at ein har bidratt.
- Gruppe er drivkraft for meg, gir ork/energi til å jobbe vidare.
- Å sleppe å late som ein har det bra.
- Å få råd frå andre med liknande erfaringar.
- Å kunne snakke fritt utan at dei andre kjenner dei ein snakkar om, eller elles bakgrunnen ein har.
- Alle burde fått anledning til å gå i gruppe! Eg vil sakne gruppa enormt.



Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising fra fastlegen eller anna helsepersonell. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling.

Før

Du kan ikkje krevje ei viss type terapiform, men det er eit krav om at vi i spesialisthelsetenesta skal bruke metodar som har dokumentert effekt. Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og allereie når du blir søkt inn, begynne å tenke over mål for behandlinga. Om du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.  

Før du startar i gruppebehandling, er det vanleg å komme til samtaler med gruppeterapeuten/ane i forkant. Her får du vite meir om gruppa du er søkt inn i, og vi får vite meir om deg. Saman finn vi ut om denne gruppa er ei eigna behandlingsform for deg. Utover det er det ingenting du treng å forberede deg på.

Under

Fast og regelmessig oppmøte er eit krav.

Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil òg vere tema i slutten av ein terapi.

Dei fleste gruppene har ei individuell ettersamtale.