Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

EMDR

EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing) er ei psykoterapeutisk tilnærming for å handtere etterverknader av traumatiske belastningar. Målet er å redusere ubehag knytt til vonde opplevingar i fortida. 

EMDR integrerer element frå fleire behandlingstilnærmingar, for eksempel kognitiv åtferdsterapi og avspenningsøvingar. Ein sentral del av terapien er bruk av ulike former for stimulering som augerørsler, lyd eller berøring. 

EMDR kan brukast som behandling av ulike typar traume. Det kan vere overgrep, ulykker, naturkatastrofar eller anna belastande livshending som er av usedvanleg truande eller katastrofal art. I lang tid etter slike belastningar er mange plaga av symptom som påtrengande minne, overveldande og vonde kjensler, mareritt, angst, kjenslemessig nomenheit, låg sjølvkjensle eller andre problem som gjer livet vanskeleg å leve. 

EMDR er også brukt til å hjelpe menneske med å handtere angst, depresjon, vedvarande sorgreaksjonar, reaksjonar på fysiske sjukdommar og fleire andre tilstandar som er knytte til sterke kjensler.

Før

Behandlinga startar med at du snakkar med terapeuten din om deg sjølv i eit forsøk på å forstå bakgrunnen for vanskane og korleis desse påverkar livet ditt nå. Viss EMDR blir vurdert som ei nyttig tilnærming, vil terapeuten forklare deg den vidare prosedyren.

Under

Saman finn du og terapeuten fram til ei beskriving av problema dine som omfattar eit bilde eller ei framsyning som representerer den traumatiske hendinga eller di negative sjølvoppfatning knytt til hendinga. De finn også fram til korleis du skulle ønske du kunne tenke om deg sjølv og om hendingane. Det same med kjenslene knytt til hendinga og korleis desse kjenslene blir merka i kroppen. Du set så ein verdi på grada av det ubehaget du kjenner, og dessutan kor sant du føler at den positive sjølvoppfatninga er. 

Etter førebuingane begynner sjølve bearbeidingsfasen i behandlinga, ved å nytte augerørsler. Det kan også vere ei anna form for stimulering med lyd, lys eller berøring. 

Ein typisk behandlingstime tar mellom 60–90 minutt. Under denne delen av behandlinga sit terapeuten skrått overfor deg, og ganske nær deg, for å kunne ha ein passande avstand til auga dine med fingerrørslene. 

Det er vanskeleg å føreseie kor lang ei EMDR-behandling vil vere. Du kan komme til å oppleve ein lette i symptoma etter berre 1–6 gonger. Alternativt vil EMDR vere ein metode som terapeuten din nyttar som ein del av eit lengre terapiforløp.

Etter

Bearbeiding med EMDR kan vere ei kjenslemessig sterk oppleving. sjølv om terapeuten vil sette trygge rammer for prosessen, kan opplevinga framleis vere intens. Målet er at du skal kjenne deg mindre uroleg ved terapitimens slutt. Informer terapeuten din om du framleis kjenner deg uroleg etter ein behandlingstime og denne uroa er noko som fortset.

Ver merksam

Bearbeiding av traumatiske opplevingar med EMDR kan vere ei kjenslemessig sterk oppleving. Trass i trygging gjennom prosessen, kan opplevinga framleis vere intens. Målet med terapitimen er at du skal kjenne deg mindre uroleg ved timens slutt. Det kan likevel vere vanskeleg å behandle ei svær problemstilling fullt ut på ein 60–90 minutts time. Informer terapeuten din dersom du framleis kjenner deg uroleg etter ein behandlingstime og dette er noko som fortset.

Sist faglig oppdatert 17.03.2026

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad


Voss DPS NKS Bjørkeli
BJørkelivegen 27
5705 Voss

Besøkstider

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Etter avtale med avdelingen.

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider