Depresjon hos voksne
Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.
Andre symptom på depresjon
- Svekka konsentrasjon og merksemd
- Redusert sjølvkjensle og sjølvtillit
- Skuldkjensle og mindreverdigheitskjensle
- Negative og pessimistiske tankar om framtida
- Initiativløyse og avgjerdsvegring
- Tankar og planer om sjølvmord
- Søvnproblem
- Redusert eller auka appetitt
- Nedsett seksuell interesse
- Angst, rastløyse og uro
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også visa. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil me vurdera om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Utredning
- Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
- Selvmordsfare
- Bruk av rusmiddel
- Barndoms- og oppvekstforhold
- Psykiske lidingar i familien
- Negative hendingar før og no
- Problemer i privatliv og arbeid
- Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast
Behandling
- Redusera depressive plagar og førebygga tilbakefall
- Få innsikt i ulike samanhengar mellom depresjon og livssituasjon.
- Læra meistringsstrategiar som gir auka tryggleik og kontroll
- Få auka kunnskap om depresjon
- Få hjelp til å meistra ulike livsproblem
- Informasjon om depresjon og korleis han kan forståast og meistrast
- Informasjon om fordelar og moglege biverknader av medikament
- Samtaleterapi retta mot innsikt i og endring av negative tankemønster og kjensler
- Samtaler om tidlegare hendingar som har noko å seia for dagens problem
- Samtaler om vanskar og dilemma i kvardagen din
- Tiltak retta mot arbeid og skule
- Råd om korleis du kan avgrensa tida som blir brukt til bekymring og grubling
- Fysisk aktivitet og andre gjeremål som kan gi deg oppleving av meistring
Samval
For deg som har depresjon finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.