Bipolar lidelse - medikamentell behandling

Medikamentelle behandlinga av bipolar liding inneber at du tar medisiner for å stabilitere stemningsleiet. Medikamentar gjeld både i behandlinga av ein aktuell episode (mani eller depresjon) og i førebygginga av nye episodar.

Før

Før oppstart går du saman med din lege gjennom kva slags medisinar du bruker no, og kva du har brukt tidlegare, og i kor stor grad du har opplevd effekt eller biverknaden. Nokre har også eigne meiningar om kva slags medisinar dei ønsker. Det er viktig for oss å få vite om dette.

Medikamentell behandling kan ha biverknader. Derfor går vi saman gjennom moglege biverknader av medisinane du skal bruke.

Under

Det er fleire typar medisinar som har god effekt.

Litium eit grunnstoff som blir brukt mykje i behandling av biopolar liding. Litium skal brukast i små og presise doser, derfor skal du ta blodprøvar for å sikre at du får rett dose. Antipsykotiske medikament kan vere aktuelle i ein manisk fase. I ein depressiv fase blir også stemningsstabiliserande medikament brukt.

Etter

Vedlikehaldsbehandling

Mange med bipolar liding bør ha tilgang på medisinar dei kan starte på med ein gong ved teikn til mani eller hypomani, så kalla vedlikehaldsbehandling. Målet er å unngå nye fasar av mani eller depresjon. For mange vil medisineringa for mange vare livet ut. Når du og legen har funne ei effektiv vedlikehaldsmedisin, er det vanleg at fastlegen din følger deg opp vidare. 

Dersom du mot anbefalinga frå legen vel å slutte med medisinane, er det svært viktig at du trappar ned gradvis for å unngå tilbakefall eller akutt forverring.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT