Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aspergers hos voksne

Aspergers syndrom blir kalla autismespekterforstyrring. Denne tilstanden har ein sterk arveleg komponent og ei nevrobiologisk årsak. Tidleg hjelp og oppfølging for å handtere problem knytte til tilstanden, har vist seg å vere viktig.

Det vanlegaste problemet ved Aspergers syndrom er å streve sosialt. Særleg gjeld dette når situasjonen stiller krav til raske skjønnsmessige vurderingar, som å oppfatte og tolke kjensler, tankar og intensjonar til andre personar. Mimikk, kroppsspråk og tonefall kan også feiltolkast. Det same gjeld språklege uttrykk som biletleg tale og ironi. Vanskar med kommunikasjon er også typiske. Å skilje viktig frå uviktig og å sjå heilskapen framfor å rette merksemda mot detaljar, kan vere krevjande. Vanskane kan variere i styrkegrad, og du treng ikkje å ha alle vanskane. Derfor blir autismespekterforstyrring nettopp karakterisert som eit «spekter».

Brukar energi på andre måtar

Menneske med Aspergers syndrom treng å ha oversikt og føreseielegheit. Uventa endringar kan ofte føre til stress. Dei kan ha problem med å finne alternative og fleksible løysingar når noko skjer uførebudd eller brått. Aktivitetar eller oppgåver må gjerne vere klare og tydelege, for eksempel med instruksjonar for kva ein skal gjere, korleis det skal gjerast, når oppgåva skal gjerast, og når det er forventa at ho skal vere ferdig.

Mental overbelastning, som for eksempel samvær der ein fleire gonger skal prøve å få med seg det som blir formidla, og raskt finne ein adekvat reaksjon, kan gjere at mange blir slitne. Vanskane med å ta perspektiv til andre og sette seg inn i kva dei meiner, tenker og kjenner, blir forsterka viss ting skjer fort eller det førekjem fleire konkurrerande inntrykk samtidig. Mykje energi kan dermed gå med til å tolke og forstå kva andre seier og meiner.

Individuelle forskjellar

Vidare kan ulike sanseinntrykk opplevast som intenst ubehagelege, forstyrrande eller kvalmande, og mange kan reagere på lys, lyd, lukter, berøring, varme og kulde.

Det er like store individuelle forskjellar blant menneske med Aspergers syndrom som i befolkninga elles. Det er snakk om unike individ med sine ressursar og problem. Dessutan kan det som er eit problem i enkelte situasjonar vere ein styrke i andre samanhengar. Nettopp på område som ofte er til stades ved Aspergers syndrom, for eksempel nøyaktigheit, pålitelegheit, detaljorientering og tileigning av kunnskap, kan ein vere ein ressurs for andre, for eksempel i arbeidslivet.

Mange med Aspergers syndrom har gode grammatiske språkferdigheiter, godt ordtilfang og eit normalt godt evnenivå.

Sårbare for vonde belastningar

Av ulike grunnar, blant anna sårbarheit for stressbelastningar, er det høg hyppigheit av psykiske lidingar blant personar med Asperger syndrom, spesielt depresjon og angst, tvangslidingar og ADHD. Mange av dei som får diagnosen i vaksen alder har hatt vonde erfaringar forårsaka av misforståingar og manglande kunnskap frå omgivnadene. Nokon har opplevd belastningar som mobbing, utestenging og einsemd.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne», vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Ved tilvising til spesialisthelsetenesta bør det følge med opplysningar om:

  • somatisk og psykiatrisk status
  • tidlegare psykisk og somatisk helse
  • inntrykk av generell utvikling og fungering 
  • sosiale og familiære forhold
  • deltaking på skole, i arbeid og i sosiale aktivitetar og fritidsaktivitetar 
  • faste medisinar
  • arvelege forhold som kan ha noko å seie
  • rusmisbruk

Relevante epikriser, og sentrale utgreiingar frå skole, PPT og liknande bør leggast ved tilvisinga.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging