Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Angstlidelser - fobiske og panikkangst

Angstlidingar er ei samlenemning for tilstandar som omfattar meir enn forbigåande uro eller frykt. Hos personar med ei angstliding forsvinn ikkje den irrasjonelle frykta eller uroa, og den kan bli verre over tid.

Et panikkanfall kan virke skremmende, men varer sjelden mer enn noen minutter og er helt ufarlig. Det finnes god behandling.

Les meir på helsenorge.no

Nokre former for angst er forbunde med bestemte ting eller situasjonar (fobisk angst). Dersom du opplever plutselege angstanfall, blir dette kalla panikkangst. Nokre gonger kjem panikkangsten som lyn frå klar himmel, mens andre gonger er den utløyst av fobiske situasjonar.

Pasientar vil ha behov for ulike behandlingsmetodar, både fordi vi er forskjellige som menneske, og fordi angst kan fortone seg ulikt frå person til person.

Terapeuten tilpassar behandlinga i samarbeid med deg og vel ut dei teknikkane og intervensjonane som verkar best for deg. Sjølv om symptoma kan vere like, kan det vere heilt forskjellige årsaker til at ein har utvikla angst. I tillegg er det også forskjell på korleis personar handterer angstsymptom.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise. Vi vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Alle tilvisingar bør innehalde:      
  

  • Aktuell sjukehistorie
  • Relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
  • Kliniske funn
  • Resultat av relevante tilleggsundersøkingar
  • Oppdatert medikamentoversikt
  
(Ved bruk av malen «den gode tilvising», som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema, er punkta nemnt over, dekka)       
   
 
Aktuelt:  
 
  • Beskriving av den aktuelle sjukehistoria og forløp hittil: debut, årsaksforhold, symptom, aktuell behandling, forløp
  • Funksjonsbeskriving, arbeid, livskvalitet og par-/familiefungering, omsorg for barn?
  • Rusproblematikk?
  • Suicidalitet?
  • Resultat av eventuelle testar (BAI/ BDI, MADRS)
  
Vurdering: tentativ diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.  

Hugs      
 
  • Ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse må ein ha kontaktinformasjonen til føresette
  • Eventuelt tolkebehov
  
For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:  Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, Helsedirektoratet.   
 
 

  

Utredning

Behandlar på sjukehuset vil, tidleg i forløpet, legge vekt på å kartlegge korleis angsten påverkar deg, og korleis den har utvikla seg over tid. For å få innblikk i dette vil behandlaren vere opptatt av å få svar på:
  • Korleis påverkar angsten funksjonen din i kvardagen?
  • Kor lenge har du vore plaga med angst? 
  • Er det spesielle hendingar som har utløyst angstplagene?
  • Om du også har andre samtidige psykiske plager
  • Er angsten isolert til enkelte situasjonar eller ting?
  • Korleis er livssituasjonen elles?
  • Om du kjenner til andre i familien som har same type plager

Dette inngår ofte i utgreiinga:
  • Den personlege historia di 
  • Sjukdomshistorie (anamnese)
  • Strukturert klinisk intervju
Det er krav til utgreiing og diagnostisering innan 6 veker etter første oppmøte. Dei første konsultasjonane vil derfor bli knytt til utgreiinga. Ved meir komplekse tilstandar blir utgreiinga utvida til 12 veker.

  

Behandling

Det er mogleg å få hjelp for angstproblem. I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsmetodar. Du blir oppfordra til å ta opp det du ev. er ueinig i eller usikker på, med behandlaren din, slik at de saman kan finne gode løysingar som er tilpassa behova dine.

Kognitiv terapi og medikamentell (farmakologisk) behandling er i hovudsak behandlingsmetodane for fobisk angst og panikkangst. Psykoedukasjon og eksponeringsbehandling kan inngå i den kognitive terapien.

Behandlinga kan bli gitt individuelt eller i gruppe. Kva som blir valt, er også avhengig av kva du ønsker sjølv. 
Den overordna ideen ved denne terapiforma er at ein gjennom ulike pedagogiske teknikkar og treningsprogram prøver å bryte uhensiktsmessige åtferdsmønster. Ved hjelp og rettleiing frå ein kompetent behandlar lærer du deg til gradvis å nærme deg det som gir deg angst, og angsten vil då gradvis bli redusert. Denne behandlingsforma kan vere krevjande, men gir god effekt.

Psykoedukasjon

Psykoedukasjon omfattar opplæring omkring korleis angsten kan komme til uttrykk gjennom kroppen, følelsane, tankane og overfor andre menneske. Opplæringa vil også omfatte informasjon om korleis handlingane dine, som å unngå det vanskelege, kan vere med på å oppretthalde angsten. Ved at du får ei forståing for kva som skjer i kroppen og i tankane under eit angstanfall, kan angsten bli opplevd som langt mindre plagsam. Kunnskap og informasjon om angst kan også gjere det lettare å oppsøke behandling og auke forståinga av kvifor behandlinga er som den er.

Medikamentell behandling

Nokre treng ein kombinasjon av medikamentell behandling og psykoterapi. Det vil bli vurdert individuelt. Nokre medikament er ikkje anbefalt i kombinasjon med for eksempel eksponeringsterapi, fordi eksponeringa vil få mindre effekt.

Oppfølging

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi. Målet med terapi er å bli betre på å meistre angsten, men det betyr nødvendigvis ikkje at alle bekymringar blir borte. Ofte er det slik at andre plager knytt til angsten (for eksempel hovudverk eller søvnvanskar) også blir betre etter behandling.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT