Diagnose

ADHD hos voksne

ADHD står for attention-deficit/hyperactivity disorder og kan kjennast igjen ved uttalt merksemdssvikt, uro, rastløyse og impulsivitet. ADHD-diagnosen kan også bli stilt når symptombildet hovudsakleg er kjenneteikna ved merksemdssvikt (ADD).

Personer med ADHD har symptomer på uoppmerksomhet, impulsivitet eller hyperaktivitet. Hos jenter er uoppmerksomhet ofte mer dominerende enn hos gutter. Fastlegen kan henvise deg eller barnet ditt til videre utredning.

ADHD er forkortelse for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder.

Rundt 5 % av barn og unge har ADHD. For mange fortsetter vanskene inn i voksen alder. Jenter får ofte diagnosen senere enn gutter.

ADHD gir risiko for å utvikle en rekke ulike vansker. Derfor er det viktig å få hjelp så tidlig som mulig. Snakk med fastlegen din om du eller barnet ditt viser tegn på ADHD som går ut over evnen til å fungere i dagliglivet. Legen kan ikke sette diagnose, men henvise videre.

Det er ingen enkelt test som kan bekrefte eller avkrefte ADHD. Diagnosen blir satt etter en grundig utredning, og er basert på en helhetsvurdering. De fleste som har ADHD, har også andre vansker og tilstander.

Ulike tiltak i miljøet, ofte i kombinasjon med medisiner, kan gjøre hverdagen lettere for personer med ADHD.

Les meir på helsenorge.no

Behandlingsmetodane

Behandlingsmetodane som blir anbefalt i rettleiarar og retningslinjer frå Helsedirektoratet har dokumentert god effekt på behandling av ADHD/ADD.
 
Pasientar vil ha behov for ulike behandlingsmetodar, både fordi vi er forskjellige som menneske, men også fordi diagnosen kan fortone seg ulik frå person til person. Nokre har ofte tilleggslidingar, for eksempel lærevanskar, dysleksi, angstlidingar, depresjon og rusproblem. Terapeuten din tilpassar behandlinga i samarbeid med deg og vel ut dei teknikkane og intervensjonane som verkar best for deg.


 

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men også anna helsepersonell kan tilvise. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av Helsedirektoratets prioriteringsrettleiar «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Utredning

Det er fleire andre lidingar eller tilstandar som kan gi liknande symptom som ADHD. Derfor er det viktig med ei grundig utgreiing. For å finne ut av om det er ADHD må vi få svar på følgande spørsmål: 

Har du merksemdsvanskar, hyperaktivitet eller impulsivitet?

Dette får vi svar på ved å teste og intervjue deg om symptom. Du og pårørande, eller ein annan som kjenner deg godt, blir bedt om å fylle ut kartleggingsskjema. Det kan også vere behov for nevropsykologisk undersøking i tillegg.

Har du hatt desse problema før fylte 12 år?

For å finne ut av dette ønsker vi å intervjue ein av dine pårørande som kjente deg frå du var barn. I tillegg kan du sjølv høyre med skule, PP-tenesta osv. for å få rapportar, karakterbøker el.

Kan det forklarast betre av andre lidingar?

Vi må kartlegge symptom og ulike livshendingar som du har opplevd. Dette kan vi gjere med ulike intervju samt av informasjon frå ev. tidlegare utgreiing/behandling.

Er vanskane dine så store at det er hensiktsmessig å stille ein diagnose?

Mange kan ha merksemdsvanskar utan at dei i større grad hemmar ein i å leve eit greitt liv. Vi skal derfor kartlegge om symptoma skapar vanskar innanfor eit eller fleire område i livet.

Har du forbruk av alkohol, medikament eller rusmiddel som kan forklare vanskane, eller som kan bidra til at eventuell behandling ikkje vil fungere?

For å utelukke dette krevst det urinprøve eller blodprøve før utgreiing. Ved tidlegare rusproblematikk eller mistanke om dette, vil vi kunne krevje dokumentasjon om at du er rusfri, før utgreiinga startar. Dette kan du sjølv avtale å gjere hos fastlegen din.

Behandling

I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsstrategiar.

Dei mest vanlege behandlingsmetodane for behandling av ADHD/ADD er psykoedukasjon og medikamentell behandling.


Andre behandlingsmetodar som kan vere aktuelle, er:
  • Ulike variantar av kognitiv basert åtferdsterapi (for eksempel dialektisk åtferdsterapi), i gruppe eller individuelt
  • Systematisk arbeidsminnetrening




Oppfølging

Det er avgjerande at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.

Mange har også oppfølging og bistand frå NAV og/eller kommunale tenester. Dersom du blir behandla med medisinar, blir dette følgt opp av fastlege etter utskriving.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT