Støttefunksjonar

Støttefunksjonane er ein viktig del av pasientbehandlinga. Voss DPS har eige kjøkken som lagar mat til både pasientar og tilsette, i tillegg til eigne reinhaldspersonale som sikrer god hygiene og trivsel på døgnavdelinga og resten av bygg 1 og bygg 2. Me har også eigen vaktmeister som vedlikeheld byggmassen og er altmoglegmann.

Blomster

På kjøknet jobber det to kokkar som handterer kantine for alle tilsette og alle dagens måltid for innlagte pasientar. Dei lagar også mat til spesielle høve. Dei samarbeidar tett med dei kliniske avdelingane. 

Kokkane våre har ekstra fokus på at all mat vert laga frå botn, og maten består ofta av lokale råvarer i tillegg til at måltida skal vera både sunne og næringsrike.

Som ein del av Voss DPS si sertifisering som Miljøfyrtårn, har kokkane også målretta fokus mot å hindra matsvinn, med fortløpande tiltak samt årelege kontrollar ihht sertifiseringskrav. 

Det er 3 tilsette på reinhald. Dei har ansvar for reinhaldstenester på bygg 1 og 2. I bygg 3 nyttar me ekstern reinhaldsteneste.

Steinar Kvarme er driftsleiar og brannvernansvarleg. Han har eige verksted under bygg 3. Han har ansvar for byggteknisk vedlikehald og drift. 

Sist oppdatert 02.01.2023