Innlegging til døgnbehandling skjer på tre måtar:
- planlagt innlegging
- øyeblikkeleg hjelp
- under tvang.
Planlagt innlegging
Fastlegen eller den polikliniske behandlaren din i spesialisthelsetenesta søker om innlegging på vegner av deg. Du blir så innkalla til eit formøte med behandlar. Saman går de gjennom kva slags behandling som er best for deg. Dersom innlegging blir vurdert som aktuelt for deg, vil du få det du treng av praktisk informasjon for å førebu deg til opphaldet.
Øyeblikkeleg hjelp
Ved alvorlege symptom som kjem plutseleg eller over tid kan det vere aktuelt med akutt innlegging. Det er fastlegen, legevakt eller poliklinisk behandlar som vurderer om det er behov for dette. Den endelege avgjerda skjer på sjukehuset. Akutte innleggingar kan skje heile døgnet.
Tvang
Ved alvorlege lidingar kan du bli innlagt ved ei døgnavdeling i psykisk helsevern mot eigen vilje (tvungent psykisk helsevern). Tvungent psykisk helsevern er regulert gjennom Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven).
