Videokonsultasjonar
Me tilbyr polikliniske videokonsultasjonar der behandlar vurderer det som forsvarleg og pasienten ynskjer det. Ta kontakt med din behandlar om du har spørsmål. Her er informasjon til deg som har fått innkalling til videokonsultasjon ved Voss DPS NKS Bjørkeli.
Sikkerheit/personvern
Teieplikt og personvern
På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasientrettigheitslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt eller per telefon. Opplysningar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du som pasient set deg imot dette).
Videokonsultasjonsløysinga JOIN har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilde) blir ikkje lagra verken på internett, eller på våre serverar.
Frivillig deltaking
Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje gje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjonen ansikt til ansikt. Du kan når som helst, og utan å gje nokon grunn, trekkje tilbake samtykket ditt til å nytte videokonsultasjon. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for det vidare behandlingstilbodet ditt frå nokon instansar i helsevesenet. For å trekkje tilbake samtykket ditt, kontakt DPSet.
Praktiske instruksjonar
Dette treng du:
- PC, telefon eller nettbrett, som har kamera, mikrofon og høgtalar. Headset med mikrofon kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
- Tilgang til internett.
- Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør også ha god belysning, slik at behandlaren din kan sjå deg godt.
Slik koplar du opp til møtet:
Du vil motta ei lenke via sms, ca 5 minutter før timen.
Andre viktige moment
Husk at behandlaren ikkje ser «heile deg», og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med ved fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.