Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Posttraumatisk stresslidelse

Posttraumatisk stressliding (PTSD) er ein forsinka angstreaksjon eller depressiv reaksjon på ei belastande livshending av usedvanleg truande eller katastrofal art. Hendinga framkallar hos dei fleste sterkt ubehag, angst og unngåing. Tilstanden kan vere langvarig.

Posttraumatisk stresslidelse (PTSD) kan ramme mennesker som har vært involvert i eller vært vitne til en eller flere livstruende eller svært traumatiske hendelser. Det finnes behandling for PTSD.

Les meir på helsenorge.no

Behandling

Behandlinga som blir gitt ved PTSD og traumereaksjonar, omfattar samtaleterapi, eksponeringsbasert terapi og medisinering. Pasientar som ikkje får behandling, kan i nokre tilfelle også utvikle tilleggsvanskar som tilbakevendande depresjon, angst (spesielt panikk og sosial angst), rusmisbruk, dissosieringslidingar og nærleiksvanskar til andre. Det kan også gi utslag gjennom funksjonssvikt på område som skule, arbeid og relasjonar. 

Årsakar

For enkelte kan sjukdomsbildet vere samansett og langvarig. Eksempel på livshendingar som potensielt kan vere knytt opp mot utvikling av PTSD, er seksuelle overgrep og valdtekt, overfall og tortur, bil- eller brannulykker eller situasjonar som inneber risiko for stor skade eller død.
 
Førekomst av ulike traumetilstandar er usikkert, men vi antar at så mange som fem til ti prosent gjennom si livstid utviklar PTSD. Omlag 1/3 av alle med traumatiske erfaringar har behov for behandling. Tidlege traumeopplevingar, for eksempel i form av seksuelle overgrep, kan gi eit meir samansett og langvarig sjukdomsbilde. Dette kan føre med seg større utfordringar knytt til relasjonsvanskar, unngåing og dissosiasjon.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise deg. På bakgrunn av prioriteringsrettleiaren – «Psykisk helsevern for vaksne» – avgjer vi om du har krav på behandling hos oss.

Utredning

Behandling

Oppfølging