Musikkterapi krev ingen førebuingar.
MUSIKKTERAPI VED PSYKISKE LIDELSER OG/ELLER RUSPROBLEMER
Musikkterapi
Musikkterapi inneber at du saman med ein musikkterapeut utforskar dei moglegheitene musikken gir til å arbeide med utfordringar på ein god måte. Du møter til jamlege timar med ein musikkterapeut, aleine eller i gruppe. Vi legg til rette terapien både for deg som har mykje musikkerfaring, og for deg som har lite eller ingen erfaring med å musisere.
Musikk er ein aktivitet som bygger på den medfødde evna vi har til å kommunisere gjennom lyd og bevegelse. Derfor gir musikken tilgang til sosialt samvær, kommunikasjon og uttrykk av følelsar. Nokre gonger kan psykiske lidingar og/eller rusproblem gjere at ein mister litt av kontakten med og tilgangen til musikk. Å arbeide med ein musikkterapeut kan vere ein moglegheit til å finne tilbake til musikken, og gjennom det også arbeide med andre utfordringar.
Musikkterapi bør starte i ein så tidleg fase som mogleg med sikte på å auke livskvalitet og fremme motivasjon, medvit rundt følelsar og sosialt samspel.
Eit musikkterapitilbod kan i stor grad bli «skreddarsydd» til dei behova og interessene du har, både når det gjeld val av aktivitet (lytting eller aktiv musisering), format (individuelt eller i gruppe) og orientering (bevisstgjering av følelsar eller erfaring med samspel og fellesskap). Terapien kan nokre gonger bli supplert med musikalsk eigenaktivitet, mellom terapitimar og/eller etter avslutta terapiforløp.
Musikkterapi reduserer
- depressive symptom
- angst
- negative symptom ved psykose
Musikkterapi betrar
- generell psykisk helsetilstand
- motivasjon, medvit rundt følelsar og sosialt funksjonsnivå
- livskvalitet
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av Helsedirektoratets prioriteringsrettleiar «Psykisk helsevern for vaksne» eller «tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Etter
Ver merksam
- Dersom du er deprimert, kan repetitiv musikklytting nokre gonger gi ei oppleving av å sitte fast i dei tunge følelsane.
- Dersom du har eit rusproblem, kan visse former for musikkbruk vere forbunde med suget etter rus.
- I desse tilfella kan det vere ein viktig del av musikkterapiprosessen å arbeide med eigen musikkidentitet og musikkbruk.