EMDR
EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing) er ei psykoterapeutisk tilnærming, for å handtere traume og som hjelper å minske ubehag knytt til vonde opplevingar i fortida. EMDR integrerer element frå fleire behandlingstilnærmingar som kognitiv terapi og avslappingsøvingar. Ein sentral del av terapien er bruk av ulike former for stimulering som augerørsler, lyd eller berøring.
EMDR kan brukast som behandling av ulike typar traume. Det kan for eksempel vere overgrep, ulykker, naturkatastrofar, eller anna belastande livshending som er av usedvanleg truande eller katastrofal art.
Sjølv om traumet fann stad for veker sidan eller enda lenger tilbake, kan du stadig vere plaga av opplevingar i kvardagen i form av posttraumatiske symptom, som invaderande minne, overveldande kjensler, mareritt, angst, kjenslemessig nomenheit, låg sjølvkjensle eller andre vanskar som gjer livet vanskeleg å leve.
EMDR er også brukt til å hjelpe menneske med å handtere angst, depresjon, vedvarande sorgreaksjonar, reaksjonar på fysiske sjukdommar og fleire andre tilstandar som er knytte til sterke kjensler.
Før
Behandlinga startar med at du snakkar med terapeuten din om deg sjølv i eit forsøk på å forstå bakgrunnen for vanskane og korleis desse påverkar livet ditt nå. Dersom EMDR blir vurdert å kunne vere ei nyttig behandlingstilnærming, vil terapeuten forklare deg den vidare prosedyren.
Under
Om du bestemmer deg for å fortsette behandlinga, vil du og terapeuten finne fram til ei beskriving av dine problem som omfattar eit bilde eller ei framsyning som representerer den traumatiske hendinga eller di negative sjølvoppfatning knytt til hendinga. Du og terapeuten finn også fram til korleis du skulle ønske du kunne tenke om deg sjølv med tanke på det som hende gjennom ei positiv oppfatning. Det same med kjenslene som er assosierte med hendinga og korleis desse blir merka i kroppen.
Du skal deretter sette ein verdi på grada av det ubehaget du kjenner, og dessutan kor sant du føler at den positive sjølvoppfatninga er.
Etter førebuingane begynner sjølve bearbeidingsfasen i behandlinga, ved å nytte augerørsler. Det kan også vere ei anna form for bilateral stimulering med lyd, lys eller berøring.
Ein typisk EMDR behandlingstime tar mellom 60–90 minutt. Under denne delen av behandlinga sit terapeuten skrått overfor deg, og ganske nær deg, for å kunne ha ein passande avstand til auga dine med fingerrørslene
Etter
Det er vanskeleg å føreseie kor lang ei EMDR-behandling vil vere. Du kan komme til å oppleve ein lette i symptoma etter berre 1–6 gonger. Alternativt vil EMDR vere ein metode som terapeuten din vil nytte som ein del av eit lengre terapiforløp.
Ver merksam
Bearbeiding av traumatiske opplevingar med EMDR kan vere ei kjenslemessig sterk oppleving. Trass i trygging gjennom prosessen, kan opplevinga framleis vere intens. Målet med terapitimen er at du skal kjenne deg mindre uroleg ved timens slutt. Det kan likevel vere vanskeleg å behandle ei svær problemstilling fullt ut på ein 60–90 minutts time. Informer terapeuten din dersom du framleis kjenner deg uroleg etter ein behandlingstime og dette er noko som fortset.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Oppmøtestad
Voss DPS NKS Bjørkeli
Besøkstider
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Åpningstider
- I dag 08:00 - 15:30